Sparebanken Sogn og Fjordane set ned renta

For andre gong på ei veke set Sparebanken Sogn og Fjordane ned renta, denne gong med 0,5 prosentpoeng.

Sparebanken Sogn og Fjordane set ned renta på lån inntil 0,50 prosentpoeng. Det er andre gang på ei veke at banken justerer på rentene. 

-    Totalt er rentene justerte ned med inntil 0,85 prosentpoeng den siste veka, seier finansdirektør Frode Vasseth. 

Alle kundar som får renteendring vil få informasjon i nettbanken, eller vanleg post.  Med dette vil ein familie med 3 millionar i gjeld spare i overkant av 2000 kroner i månaden i rente. Ny beste rettleiande rente for kundar som skal kjøpe sin første bustad og grønt bustadlån er 2,10 % nominell rente. For eksisterande kundar vil den nye lånerenta vere gjeldande frå 30. april 2020. 

Sparebanken Sogn og Fjordane ser at koronaviruset fører til økonomiske utfordringar for kundane. 

-    Vi opplever stor pågang av kundar som har fått ein krevjande situasjon grunna permitteringar og oppseiingar. Banken har lagt til rette for ein enkel prosess for å få innvilga avdragsfritak på bustadlånet, og har så langt innvilga avdragsfritak og overhopp for om lag 800 kundar, seier Vasseth. 

I ei tid der usikkerheita er stor, spør mange seg kvifor bankane ikkje set ned renta tilsvarande det Norges bank gjer. 

-    Vi skjønar godt at kundane våre spør om dette. Svaret på det er rett og slett at pengane som vi låner ut, for eksempel til bustadlån, ikkje kjem frå Norges bank, men frå innskot og frå pengemarknaden. Korona-krisa spelar hardt inn på denne marknaden og usikkerheita gjer at prisane for lån går mindre ned enn Norges Bank sine endringar i styringsrenta, fortel Vasseth. 

Vasseth påpeikar at norske bankar aldri har vore gjennom ei liknande krise som dette før og gjev ei heilt ny utfordring for næringa. 

-    Vi må tenke grundig gjennom grepa vi tar, for å sikre at banken har kapasitet til å hjelpe våre kundar gjennom ein svært krevjande situasjon. Vi tar høgde for at denne krisa vil vare lenge, og vi ønskjer å vere ein stabil og sterk bistand til privatkundar og bedriftskundar gjennom heile perioden, uansett kor lang den måtte vere, fortel han. 

Banken har ope kundesenter og rådgjevarane sit på heimekontor og følgjer opp kundane sine. Dei fysiske kontora er opne, men berre etter avtale. 

-    Vi har redusert fysisk tilgjengelegheit for å sikre at vi driv trygt og etter råda til helsemyndigheitene. Vi er her for kundane våre på telefon og e-post. Mange har spørsmål og er engstelege, og vårt beste råd akkurat no er å ta kontakt med oss. Saman kan vi legge ein god individuell plan for deg og din situasjon,  seier direktør for privatmarknad, Linda Vøllestad Westbye.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00