Sparebanken Sogn og Fjordane framskundar rentekutt

Sparebanken Sogn og Fjordane har bestemt seg for å framskunde rentekutt raskare for å hjelpe kundane i ei krevjande tid.

Det har vore eit stort påtrykk frå kundar for at bankane skal gjere denne framskundinga. Samstundes er det stor uro i finansmarknaden som gjer det usikkert kor mykje og kor tid finansieringskostnadane for banken vil gå ned. Dette har derfor vore ei vanskeleg beslutning, men med dei forventningar som er til oss bankane frå kundane og samfunnet elles, finn vi det riktig å gjennomføre renteendringa tidlegare, seier administrerande direktør Trond Teigene. 

Banken endrar no planane for renteendringa og jobbar med detaljane for å få dette til, men tek sikte på å gjennomføre renteendringa med verknad frå 6. april. Kundane vil få meir informasjon om renteendringa i nettbank eller pr post.  

Kontakt: Admdirektør Trond Teigene mobil 908 25 086.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00