Personvern og cookies

Banken er forplikta til å behandle personopplysningar frå kundane våre på ein sikker måte. Personopplysningslova med sine forskrifter og datatilsynet sine konsesjonsvilkår regulerer korleis vi skal behandle slike opplysningar. I tillegg må vi og informere om bruken av informasjonskapslar.

Sjå Sparebanken Sogn og Fjordane sine reglar for personvern.

Informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar (cookies) til å handtere sesjonar og statistikk på ssf.no.

Kva er cookies?
Ei lita tekstfil som blir lagt inn i internminnet på nettlesaren din, og som held styr på dei ulike sesjonane du er innom, og gir statistikk om bruken av nettstaden. Slike informasjonskapslar er standard teknologi som stort sett alle nettstader brukar i dag. 

ssf.no brukar desse informasjonskapslane:
ASP.NET sin Session Cookie: Blir brukt for å kjenne igjen brukaren mellom kvar sidevisning.

I analyseverktøyet Webtrends blir cookies brukt for å sjå på korleis besøkande brukar nettstaden vår. Informasjon om blant anna kor mange som besøker nettsidene, kva for sider, kor lenge besøket varer og kva for søk som blir brukt. Opplysningane er baserte på IP-adressa til datamaskina du er pålogga, men blir anonymisert og kan såleis ikkje sporast attende til ein person.

Kjønn og alders-cookies: Dei besøkande blir grupperte i alder og kjønn når dei prøver å logge inn i nettbanken. Her blir cookies brukt for å personalisere innhaldet på utloggingssida.

 Korleis unngå cookies
Vil du at cookies skal avvisast, må du endre innstillingane i nettlesaren din til å blokkere automatisk nedlasting av cookies, eller får eit val før kvar nedlasting. Dei mest vanlege nettlesarane Google Chrome, Firefox, Internet Explorer, Safari og Opera aksepterer cookies automatisk, om du ikkje gjer desse endringane sjølv. 

 


Kontakt oss

  • SMS med kodeord SSF til 2077

  • Faks: 57 82 97 01

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00