Styret i banken

Her er styret for Sparebanken Sogn og Fjordane i 2019:

 

  Namn
 Sindre Kvalheim

Sindre Kvalheim
Styreleiar
Sindre Kvalheim (1977) bur på Kvalheim i Vågsøy og er
administrerande direktør i LocalHost Holding. Det har han vore
sidan 2007. Kvalheim har tidlegare jobba som utviklingsansvarleg i
ACOS AS. Han har vore styremedlem i VideoNor AS sidan 2010
og er også styreleiar og medgründer i Lefdal Mine Datacenter.
valheim har grunnfag i juss frå Universitetet i Bergen og bachelor
ved Den Polytekniske Høgskolen.
Kvalheim har vore styreleiar sidan mars 2019,
styremedlem sidan 2011 (vara i 2010).

 Ingelise Arntsen

Ingelise Arntsen
Nestleiar
Ingelise Arntsen (1966) bur i Bergen, og har hatt leiande
stillingar i Aibel, Sway Turbine AS, REC ASA, Statkraft
og Arthur Andersen Business Consulting.
Ho har og vore administrerande direktør i Sogn og
Fjordane Energi frå 1997–2000. Ho jobbar i dag 
fulltid som styremedlem i ei rekkje styre, som
Nammo, Beerenberg AS, Eksportkreditt Norge og
Statkraft. Ho er styreleiar i Asplan Viak AS.
Arntsen er utdanna ved Handelshøyskole Syd i Danmark.
Arntsen har vore i styret sidan mars 2018.

 Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys
Heidi Grande Røys (1967) bur i Florø og jobbar som styrar
i Havreneset barnehage. Røys var politisk rådgjevar frå 1999 til
2001 og var stortingsrepresentant for SV frå 2001 til 2005.
Ho var og statsråd i Fornyings- og administrasjonsdepartementet
og Nordisk Minister frå 2005 til 2009. Røys har vore Styremedlem
i arbeid- og inkluderingsverksemda Origod sidan 2010 og sit i
styret i Tankesmien Agenda. Ho er utdanna ved Lærarhøgskulen i
Bergen og er i gang med executive master i leiing ved NHH.
Røys har vore styremedlem i banken sidan 2010.

 Magny Øvrebø Magny Øvrebø
Magny Øvrebø (1970) bur på Os og er administrerande direktør i
Holberg Fondene. Ho har over 20 års erfaring innan finans
frå Skandia, Tryg og Nordea.
Øvrebø har styreerfaring frå ei rekke selskap spesielt
innan eigedom og  private equity. Ho er utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole
og er autorisert finansanalytikar og porteføljeforvaltar ved NFF.
Øvrebø har også ein MBA med spesialisering i finans
frå Norges Handelshøgskule.
Øvrebø har vore styremedlem i banken sidan mars 2019.
 Jonny Haugsbakk Jonny Haugsbakk
Johnny Haugsbakk (1969) bur i Flekke og er i dag CEO
og Partner for investeringsplattformen  Elcap Invest.
Haugsbakk har over 20 års erfaring frå ulike stillingar i kraft- og energibransjen,
med kjernekompetanse innan leiing, sal og kommersialisering.
I 1999 starta Haugsbakk som salsdirektør i
teknologiselskapet Elis AS (seinare Enoro AS).
Han tok over som administrerande direktør for Enoro
i 2007. Haugsbakk er i dag styreleiar i Serit Fjordane IT,
Serit Bergen og MultiVolt AS, og styremedlem i Enivest,
SFE Kraft, BMO Gruppen og Avans.
Haugsbakk har teknisk utdanning innan Elkraft, og
vidareutdanning innan leiing og styreutvikling.
Haugsbakk har vore styremedlem i banken sidan mars 2019.

 Lise Mari Haugen

Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen (1979) bur i Askvoll og er konstituert rådmann
for Førde kommune. Ho har vore assisterande rådmann i Førde
sidan 2010. Haugen har tidlegare vore rådmann både for Askvoll og
Hornindal kommune. I 2008 til 2009 jobba ho som Senior assosiate
i PWC. Haugen har ein bachelor i økonomi og administrasjon frå
Norges Handelshøgskole og master i offentleg revisjon frå Norges
Handelshøgskole. Haugen var styremedlem i banken sin eigar
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane frå 2010 til 2015 og har vore
styreleiar i same styret frå 2015.
Haugen har vore styremedlem i banken frå 2016.

 Marie Heieren

Marie Heieren 
Marie Heieren (1986) bur i Førde og er hovudtillitsvald i Spare-
banken Sogn og Fjordane. Det har ho vore sidan 2017.
Ho kom frå stillinga som rådgjevar på privatmarknad i banken.
Heieren har grunnfag juss frå Universitetet i Bergen og Bachelor of
Management frå BI i 2016.
Heieren var tilsetterepresentant i styret i 2016 til 2017, og frå 2018.

Jo Dale Pedersen

Jo Dale Pedersen 
Jo Dale Pedersen (1969) bur i Florø og er assisterande
banksjef for Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø.
Pedersen er bransjeansvarleg for petroleumsretta industri.
Pedersen jobba tidlegare som kommuneadvokat i Flora
kommune frå 1996–2009 før han starta i banken.
 Pedersen er styreleiar i Stiftinga Svanhild.
Pedersen er cand. jur frå Universitetet i Bergen i 1996, og
har og fag i Selskapsrett og aksjeselskapsrett frå
Universitetet i Bergen i 2017.
Pedersen har vore i styret sidan mars 2018.

Geir Opseth

Geir Opseth
Geir Opseth (1968) bur i Førde og arbeider med investering og
forretningsutvikling i eigne bedrifter og grunderbedrifter.
Han er i tillegg tilsett i 50 %  stilling som forretningsutviklar i
Kunnskapsparken Sogn og Fjordane AS. Han har tidlegare vore
eiar i Dale Skofabrikk AS, Gudbrandsdalen Betongindustri
AS, Hellenes AS og Sunnfjord Næringsutvikling AS. Opseth har
styreverv i John Holvik AS, Norse Feedback AS, Sunnfjord
Utvikling AS  og Førde Industri og Næringssamskipnad.
Opseth er DH kandidat frå Høgskulen i Hedmark innan økonomi
administrasjon og informatikk som han tok frå 1989 til 1992.
Opseth var vara i styret frå 2013, og fast styremdlem sidan juni 2019.

 trond Teigene

Trond Teigene
adm.dir.
Trond Teigene (1968) er administrerande direktør i
i Sparebanken Sogn og Fjordane. Det har han vore sidan
våren 2016. Han kom frå stillinga som direktør for 
Strategi og Forretningsutvikling. Teigene har jobba i 
Sparebanken Sogn og Fjordane sidan 2000. Teigene sit i
styret i Balder Betaling AS, Finance Innovation og Frende
Holding AS. Trond Teigene har ei mastergrad i strategisk
leiing frå Handelshøyskolen BI.

 




Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00