Berekraft og samfunnsansvar

dagsturhytte 

Berekraft 

Klimautfordringane er eit kollektivt problem, der alle må bidra. Som ein del av vårt bidrag, stiller vi høge krav til oss sjølv. Vi jobbar aktivt mot å oppretthalde eksisterande arbeid, og gjere forbetringar der det trengs.

Vi nyttar ikkje innsatsfaktorar eller produksjonsmetodar som direkte forureinar det ytre miljøet. Vi har rutinar for HMS og miljøfokus ved innkjøp og reiseverksemd, og ei miljøbevisst haldning for å redusere bruk av papir og energi. Banken har sett i gang eit arbeid med å sertifisere seg som Miljøfyrtårn, noko som vil vere klart innan juli 2019. Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Gjennom eit digitalt system vil banken få konkrete verktøy for å jobbe målretta med å forbetre miljøprestasjonar innan arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.

Klimavurdering inngår i kredittprosessen for bedriftskundar. Blant anna ser vi på om kunden er spesielt utsett for klimaendringar eller driv aktivitet som kan skade klima. Vi har også gjeve miljøretta gåver, mellom anna ei gåve på 1.925.000 kroner til hydrogensatsing i fylket, og har stort fokus på dette framover.

I 2018 ga vi 650 000 kroner til musikkbransjeorganisasjonen Brak skal sikre at festivalane i fylket blir grønare og meir miljøvennlege. Prosjektet vil òg utvikle eit kontroll- og sertifiseringssystem som blir klart til festivalane i 2020. Fokus for prosjektet er konkrete forbetringstiltak som vil gi størst effekt iht. miljøavtrykk.

Likestilling

Likestilling og mangfald 

Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i fylket. I dag er vi i landstoppen på kjønnsbalanse. I det legg vi også eit likestillings- og likeverdsperspektiv. Derfor har vi fokus på å ivareta og utvikle mangfald i banken, både i kvardagen og i rekruttering. Av dei tilsette er 57% kvinner og 43% menn, ei fordeling som er om lag uendra frå 2017. I løpet av 2018 har andelen kvinner med personalansvar auka frå 36% til 42%. Banken er oppteken av å legge forholda til rette for kvinner i leiande stillingar, og har tatt målretta grep for å auke andelen kvinnelege leiarar. I styret er 4 av 8 medlemer kvinner. Likestillingsselskapet She har i samarbeid med rådgjevings- og revisjonsselskapet EY, lansert ein nasjonal indeks som måler kor god norske selskap er på kjønnsbalanse. I konkurranse med nesten 80 bedrifter kom Sparebanken Sogn og Fjordane på 5. plass i denne kåringa.

Banken legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne og tilsette med spesielle behov. Banken vil halde fram med arbeidet for likestilling og likeverd på alle nivå.  Banken legg også til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Sparebanken Sogn og Fjordane gjennomfører årleg ei personaltilfredsundersøking, som kartlegg trivselen til dei tilsette. Undersøkinga viser at banken har eit godt arbeidsmiljø, samanlikna med både næringa og arbeidslivet generelt. Forbetrings- og forsterkingsområda blir følgde opp for å styrke dette ytterlegare. Banken har sidan 2003 vore IA-bedrift (avtale om inkluderande arbeidsliv). Gjennom avtalen har banken forplikta seg til å arbeide for halde sjukefråværet lågt, samt å legge til rette for at tilsette med redusert funksjonsevne, kan halde fram i arbeidet.

draktsett

Vi tar ansvar for samfunnet rundt oss

Sparebanken Sogn og Fjordane har tett relasjon til lokalsamfunna i Sogn og Fjordane, og interessefellesskapen mellom fylket og banken er stort. Banken gir betydelege summar fordelt på gåve- og sponsormidlar tilbake til lokalsamfunnet.

Vi skal vere tilgjengeleg for kundane våre og leggje til rette for vekst i Sogn og Fjordane. Vi har 13 kontor i fylket, og eit kontor i Bergen, og er representert i 13 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane. Vi har i tillegg bank i butikk-avtalar for å møte kundane der dei er. Gjennom sponsorarbeidet vårt ønskjer vi å vere ei drivkraft for fylket ved å gi delar av overskotet tilbake til samfunnet. Vi prioriterer sponsoravtalar med felles kjerneverdiar med banken, og ønskjer å satse på grupper som jobbar for og med born og ungdom.

Som leiande næringslivsbank i fylket har vi eit stor ansvar. Rolla som støttespelar for lokalt næringsliv tek vi på største alvor. Næringslivet treng naturlege møteplassar for å bygge nettverk, dele kunnskap og samhandle. Toppleiarsamlinga som banken har arrangert dei siste åra har vorte ein slik møteplass, for å gjere både oss og andre deler av næringslivet sterkare. Vi arrangerer frukostmøte og deltek på andre næringsorganisasjonar sine møte og samlingar. Dette er arrangement som er viktige med tanke på å skape ein minglearena og eit samlingspunkt for næringslivet. I tillegg gir vi gåver frå overskotet som understøtter prosjekt som bidrar til klyngesamarbeid, utveksling av idear og kompetanseheving innanfor næring og utdanning


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00