Fakta om banken

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største banken i Sogn og Fjordane med ein forvaltningskapital på 55,5 milliard kroner og 270 årsverk. Banken har i dag 13 salskontor og 20 Bank i Butikkavtalar  i Sogn og Fjordane. I tillegg har banken kontor i Bergen (Tal frå kvartalsrapport 1.kv.2019).

Kjelde: Årsmelding 2018
PRIVATMARKNADEN
Banken er den dominerande aktøren på privatmarknaden i fylket. Det er lånt ut 36,1 milliard kr til personar i Sogn og Fjordane og i resten av landet. Desse utlåna utgjer 75 % av dei totale utlåna. Samla innskot frå personkundane er på 16,7 milliard kr og utgjer 61 % av dei samla innskota. Banken har regionale kontor med tilbod innan finansiering,plassering, eigedomsmekling og forsikring. Banken har ein eigardel på 10 % i Frende Forsikring AS, og nyttar dette selskapet som leverandør av ulike
forsikringsprodukt. Vidare har banken ein eigarpost på 7,5 % i SB1 Finans Midt Norge AS. Banken har i drift 12 minibankar/kontantautomatar og 73.000 nettbankavtaler er teikna.

BEDRIFTSMARKNADEN

Banken har ytt lån på 12,2 milliard kr til verksemder, i hovudsak i Sogn og Fjordane. Dette utgjer 25 % av dei totale utlåna. Innskot frå næringslivet utgjer 8,1 milliard kr.

OFFENTLEG/FINANSIELL SEKTOR
Mange kommunar i fylket har Sparebanken Sogn og Fjordane som hovudbank. Samla innskot frå offentleg sektor er på 1,6 milliard kr. I tillegg har banken 0,8 milliard kr i innskot frå finansielle verksemder

BANKEN SOM DRIVKRAFT FOR FYLKET
Sparebanken Sogn og Fjordane har som visjon å vere ei drivkraft for fylket. Gjennom god rådgjeving, tilføring av kapital til sunne prosjekt for næringslivet og folk flest, skal banken oppfylle visjonen. Banken har eit breitt kulturelt engasjement og ser verdien av kulturelle bidrag i vid forstand, for at lokalsamfunna skal utvikle seg. Banken er sponsor for dei fleste store kulturarrangementa i fylket. Av overskotet for 2018 er det sett av 158,1 mill. kroner
til utbytte og gåver. Ein del av dette skal understøtte det frivillige lagsarbeidet. Stikkord for vårt bidrag er mangfald, trivsel og nyskaping.

FINANSIELL KALENDER
Venta offentleggjering av kvartalsrekneskapstal for 2019 er 02.05.19 (1. kvartal), 14.08.19 (2. kvartal) og 31.10.19 (3. kvartal).

Rapportane vil også bli lagt ut her på våre heimesider og vil også ligge føre på engelsk.

KONSERN
Forutan morbanken driv konsernet si verksemd gjennom i alt 3 dotterselskap:

– Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS
– Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
– Bankeigedom Sogn og Fjordane AS

 Er du interessert i historiske fakta, sjå Historia til banken


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00