Konsernleiinga
Styret
Magny Øvrebø
nestleiar
Jonny Haugsbakk
styremedlem
Trond Teigene
administrerande direktør
Camilla Chruickshank Holvik
Styremedlem
Ole-Hermann Rognsøy
Styremedlem
Kristian Skibenes
Styremedlem
Silje Skaar Sunde
Styremedlem
Vegard Strand
Styremedlem
Generalforsamlinga
Sparebanken Sogn og Fjordane sitt øvste organ har totalt 25 medlemmer: 9 valde av innskytarane, 6 medlemer frå dei tilsette og 10 som representerer eigenkapitalbeviseigarane.
Her finn du oversikt over medlemer i generalforsamlinga
Generalforsamlinga sine oppgåver
Som det øvste organet i banken er det generalforsamlinga som skal godkjenne årsrekneskapen og årsmeldinga til banken. Generalforsamlinga har også ansvar for val av leiar, nestleiar og dei andre medlemene og varamedlemene av styret, med unntak av medlemer og varamedlemer som vert valde av dei tilsette.
Andre saker som skal handsamast og avgjerast på den ordinære generalforsamlinga er følgjande:
- Utgreiing om styring av verksemda.
- Styret si fråsegn om fastsetting av lønn og anna godtgjersle til leiande tilsette.
- Styret sine retningslinjer for fastsetting av lønn til leiarar (generalforsamlinga sitt vedtak er rådgjevande).
- Retningslinjer for tildeling av eigenkapitalbevis, teikningsrettar, opsjonar og andre former for godtgjersle som er knytt til eigenkapitalbevis i sparebanken, til leiande tilsette.
- Val av leiar for generalforsamlinga for 2 år.
- Val av medlemer og varamedlemer av valnemnda for val til generalforsamlinga.
- Val av revisor.
- Fastsetting av godtgjersle til tillitsvalde og revisor.
- Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga.
Innkalling til generalforsamling
22. mars 2024 vart det gjennomført generalforsamling i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Vedlegg 1: Årsrapport 2023
Vedlegg 2: Styrefråsegn om leiarlønningar 2023
Leiar for generalforsamlinga er Jakob Andre Sandal, 6843 Skei i Jølster.