Vikariat kunderådgjevar i Dale

Vi har ledig eit vikariat som kunderådgjevar på privatmarknaden ved kontoret vårt i Dale. Søknadsfrist 15.09.2019.

Vikariatet gjeld for 1,5 år med moglegheit for forlenging.

Er du kompetent og motivert, trivst med sal og kan skape tillit og gode, langsiktige relasjonar? Då er det kanskje deg vi er på utkikk etter! 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte: 

  • Finansiell rådgjeving og kundeservice
  • Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
  • Jobbe målretta med å bygge eigen kundeportefølje
  • Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester

Til stillinga søkjer vi deg som: 

  • Har høgare utdanning
  • Er Autorisert Finansiell Rådgjevar eller ønskjer å bli det
  • Er engasjert, utadvendt og serviceinnstilt
  • Kan skape tillit, gode og langsiktige relasjonar
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Har solid vurderingsevne og kan framstå med tyngde i kundesamanheng

Les meir om stillinga og send søknad innan 15.09.2019.

Har du spørsmål ta kontakt med banksjef Torunn Mattson på telefon 478 62 735


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00