Utviklar til vårt datavarehus

Ønskjer du å vere med å styrke grunnlaget for betre avgjerder og informasjonsforvalting i ei spennande bedrift? Bli med på å forme framtidas bank. Vi har ledig stilling som utviklar for BI og datavarehusavdelinga vår. Søknadsfrist 22.09.2019.

Sparebanken Sogn og Fjordane har eit utviklar-, design- og arkitektmiljø som utviklar og forvaltar banken sitt Datavarehus og MDM-løysing. For å styrke dette arbeidet har banken ei ledig stilling som skal jobbe med arkitektur, teknologi, utvikling og forvaltning.

Du får moglegheit til å jobbe med ei rekke spennande og forretningskritiske problemstillingar:

  • Jobbe tett på tvers av avdelingar i bedrifta
  • Utvikle analysar og rapportar til vedtaksgrunnlag og strategiske val
  • Utvikle systemintegrasjon mellom sentrale system og datavarehus
  • Definere og forvalte sentrale data og omgrep
  • Utvikle løysingar for informasjonsforvaltning
  • Finne gode teknologiske og arkitektoniske løysingar
  • Følgje opp forvaltningsleverandør

Les meir om stillinga og send søknad innan 22.09.2019

Synest du dette høyrast spennande ut? Du er når som helst velkomen til å ta ein uforpliktande prat med leiar for BI og Datavarehus, Anne Sofie Håheim, telefon 918 07 065 eller e-post anne.sofie.haheim@ssf.no, eller leiar for forretningsstøtte, Silje Sunde, telefon 924 23 472 eller e-post silje.sunde@ssf.no.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00