Advokat/advokatfullmektig

Sparebanken Sogn og Fjordane søkjer etter ein advokat/advokatfullmektig. Søknadsfrist: 29.10.2019.

Banken søkjer primært etter ein advokat for finanskonsernet, men vil alternativt vurdere å tilsette ein erfaren jurist som advokatfullmektig.

Nærmare om stillinga
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å gi juridiske råd og delta i tverrfaglege prosessar som er viktige for konsernet. Rådgjevinga vil omfatte alle typar rettslege spørsmål med unntak for skatte- og avgiftsspørsmål. I tillegg til nemnde rådgjeving omfattar stillinga prosessoppdrag for konsernet og deltaking i konsernet si interne kompetanseutvikling. Stillinga blir ein del av eit juridisk miljø med to heile advokatstillingar.

Bakgrunn, kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søkjer primært etter ein advokat, men personar med master i rettsvitskap / cand. jur. og relevant arbeidserfaring, gjerne frå finansføretak, vert oppmoda om å søkje.

Søkjarane må ha høg fagleg integritet, høg arbeidskapasitet, interesse og forståing for kommersielle forhold, vere imøtekomande og serviceinnstilt. Det vert i tillegg lagt vekt på evne til sjølvstendig arbeid, gjennomføring av pålagde arbeidsoppgåver, målretta og systematisk arbeid og god munnleg og skriftleg framstilling.

Det vert gitt tilbod om kompetanseheving i form av eksterne kurs.

Les meir om stillinga og send søknad innan 29.10.2019.

Har du spørsmål til stillinga er du velkommen til å kontakte leiar av juridisk avdeling, advokat MNA Asgeir Bjørdal, tlf. 48 16 70 68 eller HR-direktør, Eirik Rostad Ness, tlf. 95 12 25 83.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00