Bli med på dei viktigaste hendingane i Sparebanken Sogn og Fjordane si historie. Frå den spede starten som lokalbanken Førde Sparebank i 1842, via mange fusjonar undervegs.

Sparebanken før og no

Sparebankane skulle frå starten av vere hjelp til sjølvhjelp for folk med små inntekter, og bidra til økonomisk sjølvstende og tryggleik for den enkelte. Kvar bygd hadde sin sparebank fram til fusjonane starta i 1973. Tanken er framleis den same, men med dagens teknologi er nettbanken vårt største avdelingskontor. I løpet av 170 år har vi fusjonert med over 20 lokale sparebankar i Sogn og Fjordane. I dag har vi også avdelingskontor i Bergen.

Etableringa av Sparebanken Sogn og Fjordane

1. april 1988 var ein merkedag. Då vart Fylkesbanken for Sogn og Fjordane ein realitet. Konsernadministrasjonen fekk kontorstad i Førde kommune. Banken er i dag representert i 13 av 26 kommunar i det gamle fylket, i tillegg til kontoret i Bergen.

Samarbeidspartnarar

I 2014 vart vi medeigar i Frende Forsikring, og gjekk over til å selje deira forsikringar.
I 2015 vart vi medeigar i Sparebank 1 Finans Midt-Norge AS, og formidlar deira produkt på billån og leasing.
Våren 2017 inngjekk vi eit samarbeid med 105 andre sparebankar om VIPPS-plattforma. Vipps er etablert som eige selskap. Les meir på www.vipps.no.
Forutan morbanken driv konsernet si verksemd gjennom i alt tre dotterselskap:
– Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS
– Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
– Bankeigedom Sogn og Fjordane AS

Kontora våre

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største banken i Sogn og Fjordane. Vi har i dag 13 salskontor og 21 bank i butikk-avtalar i Sogn og Fjordane, i tillegg til kontoret vårt i Bergen.

Vi har vakse til å bli den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. I dag er banken det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.