Søk stiftingane våre om gåver

Kvart år gir vi fleire titals millionar frå overskotet vårt i gåve til allmennyttige formål i Sogn og Fjordane. No er tida inne for å søke om midlar til ditt prosjekt!

Treng korpset ditt nye uniformer? Eller har du lyst å byggje ein leirplass i nærmiljøet ditt? Ønskjer du å sende instruktørane på kurs, eller kanskje skal de arrangere eit meisterskap? Ideane og prosjekta kan vere så mangt, og no vil dei to eigarstiftingane våre gjerne høyre om DITT prosjekt! Fortel om ideen din innan 1. mars, så  kanskje blir draumen din realisert!

Søknadsskjema, vilkår og søknadstips

Les meir om vilkår og send søknad på eigne nettsider hos
Sparebankstiftinga Fjaler og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

To eigarstiftingar - to gåveinstitutt

Gåvemidlane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, og vert forvalta av dei to eigarstiftingane våre. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har heile fylket som sitt nedslagsfelt, medan Sparebankstiftinga Fjaler har Fjaler kommune som sitt nedslagsfelt.

Begge desse gåveinstitutta skal byggje opp om visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane om å vere ei drivkraft for fylket. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.

Sjå tidlegare gåvetildelingar

Gåver tildelt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Gåver tildelt av Sparebankstiftinga Fjaler

 

 


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00