Søk om draktsett til miniputtane

Treng fotballaget ditt nye drakter? No er tida inne for å søke om gratis draktsett til miniputtane i Sogn og Fjordane!

Som hovudsponsor til NFF Sogn og Fjordane er vi stolte over å få dele ut draktsett til miniputtane (6-9-åringar) i heile fylket til ein verdi av 125.000 kroner. Søknadsskjema til draktsetta ligg nedst på denne sida.

Søknadsfrist er fredag 1. mars 2019, og laget må ha løyve frå klubbleiar til å søkje. Dette på grunn av lokale sponsoravtaler og bransjeeksklusivitet.

Gå til søknadsskjema

Litt om draktene:
Draktene er av merket Nike (Park VI) (ref. Intersport Sogndal), og dei har logoen til Sparebanken Sogn og Fjordane på brystet og Intersport sin logo på hals. Eit sett vil bestå av totalt 10 spelarsett med drakt, shorts og strømper, av desse er 2 stk. keeperdrakter. Draktene kjem i fargane raudt, blått, kvitt, svart, gult, orange og grønt.

Etter at søknadsfristen er ute vil heldige vinnarar bli trekt ut. Sparebanken og fotballkretsen vil oppsøke heldige vinnarar og dele ut draktene på trening. Vi ønskjer at alle skal få draktene til første runde med Kongleriket Miniputt, den 5. mai 2019. Kongleriket Miniputt er serieordninga for barn i alderen 6-9 år.

Draktene skal vere i laget og gå vidare til neste gruppe av 6-9 åringar. Ved spørsmål kontakt dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein-Olav Myklebust på e-post: svein-olav.myklebust@fotball.no

Vi håpar dette tilbodet vil glede alle som driv med fotball på barne- og ungdomsnivå, og vi ønskjer dykk lykke til vidare med klubben sitt arbeid for barn og unge.

 

 

 

 

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00