Slik jobbar vi for å sikre leverandørtenestene våre

Sparebanken Sogn og Fjordane er opptatt av at alle skal ha like rettar. Vi ønsker å sikre at leverandørane våre har same fokus.

Krav til oss sjølv

FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for ei berekraftig framtid og inneheld mål om å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Sparebanken Sogn og Fjordane støttar opp under FN sine 17 berekraftsmål, med ekstra fokus på likestilling mellom kjønna, anstendig arbeid og økonomisk vekst, berekraftige byar og lokalsamfunn og å stoppe klimaendringane. Vi har òg tilslutta oss ei rekke andre samarbeid som set krav til oss, dei finn du her.
SSF er klimanøytrale og sertifisert som miljøfyrtårn. Vi skal stille krav til leverandørar og samarbeidspartnarar om å ha eit bevisst forhold til berekraft. For å kunne krevje dette av andre må vi også ha orden i eige hus. Som miljøfyrtårnsertifisert stiller vi strenge krav til oss sjølve. Vi ønsker å sikre kontinuerleg redusert miljøbelastning frå eiga verksemd. For å kunne følge opp dette, har vi årleg rapportering av klimarekneskap. Det er basert på GHG-protokollen (Greenhouse Gas Protocol), som er den mest brukte rapporteringsstandaren til rekning av ei verksemd sitt utslepp av klimagassar.
Bankens arbeid er forankra i styret og vert følgt opp av administrasjonen gjennom ulike ledd, der mellom anna innkjøpssjef og berekraftansvarleg er med i bankens vurdering av våre leverandørar og forretningsforbindelsar.
Les meir om vårt arbeid kring miljø og sjå klimarekneskapen i årsrapporten vår.

Krav til leverandørane våre

Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane stiller etikk- og miljøkrav til leverandørane våre. Ved å stille krav er vi med og motiverer og bidrar til at leverandørane våre følgjer internasjonale arbeidslivskonvensjonar, og dermed reduserer sine klimaavtrykk.
Det blir jobba for at leverandørane våre skal følgje nasjonale lover og reglar, samt internasjonale FN- og ILO–konvensjonar, prinsipp om klimanøytralitet og miljøkrav gjennom avtaleverk og ISO-sertifisering. Banken har i overkant av 150 leverandørar, i hovudsak IT-leverandørar.
Sparebanken Sogn og Fjordane vil òg i samsvar med plikter i openheitslova gjere aktsemdvurderingar av leverandørar og andre forretningssamband med omsyn til at dei tek i vare grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidshøve og følge opp leverandørar med identifisert risiko.

Vi krev at leverandørane våre skal:

  • gi informasjon om sine underleverandørar
  • følge SSF sine etiske retningslinjer for leverandørar
  • rapportere inn eventuelle avvik
  • forplikte seg til å rette avvik og
  • at det er føresegn om hevingsrett dersom pliktene i punkt 1-4 ikkje vert etterlevd

Oppfølging av leverandørane våre

Vi kartlegg alle leverandørane våre. Denne kartlegginga vil lage eit grunnlag og premiss for å gjennomføre aktsemdsvurdering av våre leverandørar og forretningsforbindelsar.
I kartlegginga vert det tydeleg for oss kven som skal følgast opp tettare.
Til dei leverandørar og forretningsforbindelsar som gir høg risiko for brot på grunnleggande menneskerettar eller anstendige arbeidshøve, skal det gjennomførast aktsemdvurdering og oppfølging.
For leverandørar med middels risiko skal det sendast ut spørjeskjema der banken følger opp svara.
For leverandørar med låg risiko skal det gjerast ei fornya vurdering dersom vi vert kjent med forhold som aktualiserer ei ny vurdering, og elles minst som ledd i årleg vurdering av alle leverandørar.

Leverandørar med brot på retningslinjene

I dei tilfella banken får kjennskap til faktiske uønskte hendingar eller åtferd vil banken undersøke vidare og følge opp med relevante tiltak for å påverke den aktuelle leverandøren i rett retning.
Leverandørar med konstatert brot skal følgast opp minimum kvartalsvis for å ettergå om iverksette tiltak verkar etter intensjonen. Leverandørar med konstatert brot skal legge fram ein plan for korrigering og tiltak for å gjenopprette avviket.

Dersom tiltak ikkje har tilfredsstillande effekt må vi vurdere å avslutte samarbeidet med den aktuelle leverandøren/forretningsforbindelsen i ei samla vurdering, der mogleg framtidig påverknad i positiv retning er eit moment som kan tale for å oppretthalde avtalen.

Noko meir du lurer på?

Har du ytterlegare spørsmål knytt til korleis vi arbeidar med å sikre leverandørtenestene våre?
Banken har som utgangspunkt svarfrist på tre veker, men vi kan bruke inntil to månadar dersom mengda, eller typen informasjon, som vert etterspurt gjer det uforholdsmessig byrdefullt å svare innan tre veker.
Du får uansett informasjon om dette innan tre veker.