Initiativ vi støttar

Vi er med på fleire ulike spennande berekraftsprosjekt.

Kvinner i Finans Charter

Sparebanken Sogn og Fjordane har signert Kvinner i Finans Charter.
Kvinner i Finans Charter skal bidra til å auke tal kvinner i leiande posisjonar i finansnæringa i Norge. Likestilling og mangfald er ein viktig del av utviklinga mot eit meir berekraftig samfunn. Tal frå Finans Norge viser at utviklinga i finansbransjen går sakte. For eksempel var det i 2020 berre 24 prosent av systemutviklarar og programmerarar som var kvinner. Forskning seier at fleire kvinner i ulike leiande posisjonar bidreg til større produktivitet og lønnsemd.
Det er eit langsiktig mål å ha relativt lik fordeling av kjønn på alle stillingsnivå og forretningsområde, og banken har som mål at andelen kvinner i leiande stillingar ligg mellom 40 og 60%. Vi nådde dette målet i 2021, og vil framover ha fokus på å bevare det.
Les meir om Kvinner i Finans Charter

Miljøfyrtårn

Sparebanken Sogn og Fjordane er sertifisert som miljøfyrtårn. Vi skal stille krav til leverandørar og samarbeidspartnarar om å ha eit bevisst forhold til berekraft. For å kunne krevje dette av andre, må vi også ha orden i eige hus. Vi ønskjer å sikre kontinuerleg redusert miljøbelastning frå eiga verksemd. For å kunne følgje opp dette, har vi årleg rapportering av klimarekneskap. Det er basert på GHG-protokollen (Greenhouse Gas Protocol), som er den mest brukte rapporteringsstandaren til berekning av ei verksemd sitt utslepp av klimagassar.
Les meir om miljøfyrtårn

The Women's Empowernment Principles

Banken har slutta seg til The Women’s Empowerment Principles (WEP), som består av sju rettleiande prinsipp som skal gje retningslinjer for handlingar som fremjar og styrker kvinner på arbeidsplassen og i samfunnet. WEP blei utforma etter eit samarbeid mellom FN Global Compact og FN Women.
Les meir om WEP

UNEP FI

FNs klimainitiativ innan finans (UNEP FI) er eit globalt partnerskap mellom FN og finanssektoren for å mobilisere berekraftig utvikling i bransjen. Ved at Sparebanken Sogn og Fjordane har signert, forpliktar vi oss til å følge seks prinsipp for ansvarleg bankverksemd. 190 bankar over heile verda har så langt langt signert.
Les meir om UNEP FI

Klimapartnere Vestland

Hausten 2020 gjekk vi inn som medlem i Klimapartnere Vestland. Dei skal skape ein arena for offentleg og privat nettverksbygging og vere ein plattform for utøving av samfunnsansvar i regionen. Som den største banken i Sogn og Fjordane har vi eit ansvar for å drive fram det grøne skiftet lokalt.
Les meir om Klimapartnere Vestland

UN Global Compact

I 2019 slutta vi oss til FNs Global Compact som er FN sine rettleiande prinsipp for ansvarleg næringsverksemd. Det forpliktar oss til å drive verksemda i tråd med ti prinsipp som omhandlar menneskerett, arbeidsmiljø, miljø og anti-korrupsjon.
Les meir om UN Global Impact