Svindelforsøk skjer ofte – ikkje la deg lure

Svindlarane finn stadig nye metodar for å prøve å lure deg. Dei mest vanlege formene for nettsvindel er phishing og investeringssvindel. Hugs at du aldri må gi i frå deg sensitiv informasjon som BankID eller påloggingsinformasjon til nettbanken.

Svindelforsøk per telefon

Vi opplever for tida auka pågang av falske oppringningar til kundane våre. Svindlarane ringer frå det som tilsynelatande er banken sine telefonnummer. Svindlarane ønskjer å få deg til å oppgi BankID, Vipps-informasjon, passord og aktiveringskodar. Slik informasjon må du aldri gi fra deg. Vi i banken ville aldri bedt deg oppgi dette, så du kan vere sikker på at dette ikkje er oss.

Svindelforsøk på e-post og SMS

Mykje av svindelen føregår på e-post, men vi ser også at meldingar sendt til mobilen blir meir og meir vanleg.
Slike meldingar kan for eksempel vere at du blir bedt om å stadfeste innlogging i nettbanken eller betalingar med BankID på mobil, ofte med ein link til ei falsk nettside der dei prøver å få tak i BankID-passordet ditt. Dette må du aldri gi i frå deg. Denne informasjonen kan svindlarane misbruke for å få tilgang til nettbanken din.
I andre tilfelle kan svindlarane vere ute etter aktiveringskoden til mobilbanken eller Vipps-kontoen din, slik at dei kan aktivere den på sin eigen telefon. Denne koden må du heller aldri gi i frå deg.
Her ser du to eksempel der svindlarane prøver å få tak i informasjon. Får du slike meldingar eller noko liknande ber vi deg ta ein skjermdump å sende til oss, før du sletter meldinga. Du kan sende bilete til kundesenter@ssf.no

Dette gjer du for å unngå å bli svindla

  • Ikkje gi frå deg sensitiv informasjon. Banken din vil aldri be deg om sensitiv informasjon, som passord, brukarnamn eller kortinformasjon. Du skal aldri dele passorda dine med nokon. Ikkje eingong med dei du kjenner!
  • Blir du oppringt på telefonen og er usikker på om samtalen er legitim, så kan du avslutte samtalen og ringe oss på telefon 57 82 97 00. Du kan også kontakte oss på chat når du er innlogga inn i nettbanken.
  • Fått e-post om uteståande betaling på ei levering? Sjekk avsendar på e-posten, og slett e-posten med mindre det er noko du faktisk kjenner til.
  • Stol aldri blindt på innhald i meldingar eller e-postar, sjølv om det ser ut til å kome frå banken din, eller nokon du stolar på. Ikkje klikk på mistenkelege lenker du mottar i meldingar.
  • Dersom språket og innhaldet i meldinga er rart formulert, bør du bli mistenksam. Ver ekstra på vakt viss avsendaren har eit utanlandsk telefonnummer.
  • Ikkje ring tilbake eller svar på tekstmeldinga. Det kan fort koste deg dyrt.

Kva gjer du om får ein mistenkeleg e-post eller SMS?

Investeringssvindel

Får du eit investeringstilbod frå eit ukjent selskap som verkar for godt til å vere sant? Faren er stor for at det er svindel, spesielt om tilbodet gjeld aksjar, kryptovaluta, fond eller eigedom.

Styr unna investeringstilbodet viss:

  • Investeringa er vanskeleg å forstå.
  • Dokumentasjonen er uklar.
  • Du blir lova høg avkastning til låg risiko.
  • Dei munnlege løfta er endå betre enn i det skriftlege materialet.
  • Du blir anbefalt eit aksjeselskap som ikkje er børsnotert (unoterte aksjar).

Kontoller dette før du investerer:

  • Sjekk om selskapet har konsesjon. Alle selskap som tilbyr investeringsråd er pålagt å ha konsesjon.
  • Sjekk at bedrifta er medlem i Autorisasjonsordningen for finansielle rådgjevarar (AFR). Desse følgjer eit felles regelverk og har strenge krav til kompetanse og haldningar.