BYGGESTART LIKE RUNDT HJØRNET: Entreprenør Trond Aase, banksjef Lars Solnørdal, styreleiar John Helge Lunde, banksjef Tore Dvergsdal, ordførar Jenny Følling og styremedlemmer Odd Erik Gullaksen og Rolf Årdal var samla for å markere at Vidsyn er fullfinansiert.
Publisert 22. september 2023

Vidsyn er endeleg fullfinansiert - skal skape trivsel og identitet

Etter å ha vore i planleggingsfasen i sju år, er endeleg realiseringa av utsiktspunktet Vidsyn innan rekkevidde for Førde og regionen rundt. Og det takka vere samarbeid mellom to sterke lokalbankar.
I forsiktig haustsol var styret i Stiftinga Bystien, entreprenør, to lokalbankar, ordførar og prosjektdeltakarar samla ved Hafstadkleiva for å markere at prosjekt Vidsyn endeleg er fullfinansiert og første spadetak berre er nokre veker unna.
Siste beløpet som mangla kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane og er på 1,2 millionar kroner.

Viktig banksamarbeid

John Helge Lunde, styreleiar i Stiftinga Bystien, uttrykte si takksemd for støtta prosjektet har fått.
– Vi er veldig glade for at Sparebanken Sogn og Fjordane kjem inn med denne gåva og gjer at vi no kan gå i gang. Eg vil også takke Sparebanken Vest som var dei som fekk ballen til å rulle på finansieringa og som til saman har støtta oss med 1,75 millionar. Det er flott at to sterke lokalbankar ikkje berre er konkurrentar, men også kan samarbeide og løfte lokal initiativ i lag. Utan lokalbankane hadde ikkje dette blitt noko av, seier Lunde.
LANDEMERKE: Slik skal Vidsyn sjå ut når det står ferdig neste vår. Illustrasjon: Christina Kvamme.
– Det er veldig kjekt for oss som lokalbankar at vi kan gå saman å få til noko. Førde er heldig som har to så store aktørar som Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest. Dette blir nok heller ikkje siste gongen vi samarbeider, seier banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane Lars Solnørdal.

– Dette kan bli ein selfieplass i Førde

Stiftinga Bystien har forvandla Hafstadkleiva til ein veldig populær tursti.
– Trappene er i seg sjølv i eit smykke, men vi har følt at vi har mangla noko. No tar vi det eit steg vidare med Vidsyn, som vil bli eit flott landemerke, ein selfieplass og ein lett tilgjengeleg plass å ta med folk. Sogn og Fjordane er gode på natur og fjell, men vi har mangla litt på det urbane. Eit slikt utsiktspunkt kombinerer naturen og det urbane sentrum, fortel Lunde.
– Bergen har Fløien, Ålesund har Aksla, Molde har Varden. No får Førde Vidsyn. Dette trur eg blir veldig populært fordi det er så lett tilgjengeleg, seier Solnørdal.
SELFIEPLASS: Styreleiar John Helge Lunde nytta høvet til å teste ut selfiepotensialet ved utsikten saman med kvar sin banksjef. Eg har aldri tatt ein selfie i mitt liv før, uttrykte han.
– Dette er ein gledens dag at vi endeleg har fullfinansiert Vidsyn. Slike attraksjonar er så viktig for å skape trivsel for oss som bur her, og det er med å skape ein attraktiv kommune. Vi høyrer byggearbeid frå sentrum medan vi står her, og vi ser kvar dag at det skjer ting og at vi kjem nærmare målet, seier ordførar i Sunnfjord Jenny Følling.
Vidsyn er forma av sivilarkitekt Christina Kvamme. Prosjektet er budsjettert til å koste rundt 3,78 millionar kroner, med Sunnfjord kommune som byggherre. Entreprenør Aase & Hegrenes står klare til å sette i gong arbeidet i løpet av hausten, og målet er at Vidsyn er ferdig tidleg neste vår.
Pengegåva på 1,2 millionar kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som blir forvalta av hovudeigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Inger Marie Lien

kommunikasjonsrådgjevar971 90 242inger.marie.lien@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

No blir det betre tursti på Atløy

Fjelltrimgruppa i Atløy IL får 70 000 kroner i gåve til å lage tursti ved Tvibergsundet. No står dugnadsgjengen klare å sette i gang arbeidet i løpet av våren.

Les heile saka
No blir det betre tursti på Atløy7. desember 2023
Økonomiske spådommar for 20247. desember 2023
Startar kursserie for unge kunstkritikarar7. desember 2023
Milliongåve til Villakssenteret i Lærdal5. desember 2023