FÅTT GÅVER: Kinn brann og redning, Norsk Hjortesenter, Eikefjord IL, Eikefjord Skulemusikk og Ålfoten IL har alle fått gåver denne våren.
Publisert 21. juni 2024

Desse har fått gåve i Kinn, Bremanger og Selje

Over 40 ulike formål har denne våren fått pengar frå bankoverskotet i kommunane Kinn, Bremanger og Selje. Her får du stor oversikt over alle.
Treningsrom i Norddalsfjord, gapahuk på Raudeberg, nytt garasjeanlegg i Selje idrettspark, oppgradering av skianlegg ved Karsskaret og ny klatrevegg i Florø.
Desse eksempla er berre eit fåtal av alle dei gode og pågåande prosjekta i Kinn, Bremanger og Selje. 43 gode formål har fått til saman 4,5 millionar kroner i vår. Gåvene er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Gjer ein kjempeinnsats for lokalsamfunna
Saman med rådgjevarar frå kontora i Måløy, Bremanger og Florø har banksjef Ole Aukland besøkt fleire av mottakarane denne våren.
– Det er eit veldig breitt spekter av formål, men éin ting har alle til felles. Det er at alle legg ned ein kjempeinnsats for lokalsamfunna sine. Aldri før har så mange ulike lag og organisasjonar fått pengar i løpet av ei gåverunde, og det er veldig kjekt. Det viser berre at dugnadsinnsatsen i regionen vår er fantastisk, og då er det ei stor glede for oss å setje pris på dei gjennom desse gåvene, seier Aukland.
Til hausten skal det delast ut meir pengar til gode tiltak i Kinn, Bremanger og Selje, og i Sogn og Fjordane elles, og fristen for å søke Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om midlar er 1. september.
Her er alle som har fått pengar i Kinn, Bremanger og Selje i vår:
SKAVØYPOLL IDRETTSLAG - 100 000 kr til utstyr i samband med oppstart av turngruppe.
FLORØ SPORTSKLUBB - 500 000 kr til oppgradering av Furheim grasbane til eit heilskapleg nærmiljøanlegg
PALMEKYSTFESTIVALEN - 80 000 kr til Palmekystfestivalen i juli 2024.
KINN KOMMUNE - 100 000 kr til å fremme branntryggleik og førebygging hos barn og unge i lokalsamfunnet.
FLORØ TAEKWONDO KLUBB - 50 000 kr til innreiing av nytt treningsrom og matter for bruk i fleirbrukshall.
MULELIDMARKA LEIKEPLASS - 80 000 kr til oppgradering og tilrettelegging av leikeplass på sørsida av Storåsen i Florø.
FLORØSKULEN BRASSBAND - 60 000 kr til innkjøp av instrument.
STIFTINGA SVANHILD - 200 000 kr til restaurering av "Svanhild".
KALVÅG SKULEMUSIKK - 15 000 kr til hettejakker til korpsmedlemmane.
FRELSESARMEEN - 80 000 kr til oppgradering av to speidarbåtar.
FLORØ MOTORSPORT KLUBB - 70 000 kr til å få på plass vasstilførsel på eigedomen til Florø Motorsportklubb
FLORA MUSIKKRÅD - 40 000 kr til å styrke breidda på slagverk/ instrument.
FLORØ SPORTSKLUBB - 30 000 kr til ny 3`ar mobil ballbinge.
FLORØ SANITETSFORENING - 100 000 kr til bygging av handicap-toalett.
MÅLØY KUNSTLAG - 20 000 kr til lågterskel sosialt tilbod for innflyttarar og fastbuande i Måløy.
FLORØ SPORTSKLUBB - 20 000 kr til å styrke trenarkompetansen i høve jentefotball.
ATLØYS VENNER - 40 000 kr til Fjordaferd 2024.
RAUDEBERG KFUK-KFUM SPEIDARAR - 100 000 kr til oppføring av gapahuk på Raudeberg.
STIFTELSEN FLORA ALDERSENTER HAVGLYTT - 50 000 kr til skifte av fasade i aktivitetsrom.
KINNASPELET - 50 000 kr til nye grillar, benkar og bord, varmekanonar og lufttørkarar.
EIKEFJORD IDRETTSLAG - 100 000 kr til innkjøp av treningsutstyr i Fleirbrukshallen.
FLORA HESTESPORTKLUBB - 200 000 kr til oppgradering av tak, vindauge og golv.
MÅLØY VEKST AS - 20 000 kr til å styrke rekrutteringa til dei maritime utdanningane og fiskaryrket.
ÅLFOTEN IDRETTSLAG - 200 000 kr til utvikling av skianlegget ved Karlsskaret.
STIFTELSEN MÅLØYRAID SENTERET - 100 000 kr til å utarbeide opplæringsmateriell med utgangspunkt i dagens utstillingar.
SILDEKOMITÉEN I FLORØ - 30 000 kr til innkjøp av nye bord og stålstenger.
SELJE IDRETTSLAG - 200 000 kr til etablering av garasje/lager, samt etablering av flomlysanlegg i Selje idrettspark.
RUGSUND SKYTTARLAG - 75 000 kr til rehabilitering av ei 200 meter skytebane.
HEIMHUG UNGDOMSLAG - 30 000 kr til aktivitetsdag og konsert i Norddalsfjorden.
FLORØ BYS VEL - 80 000 kr til tilrettelegging for publikum knytt til "Tanken".
FLORØ SEILFORENING - 40 000 kr til investering av ny sikrings-/trenarbåt.
KALVÅG BYGDELAG - 30 000 kr til å skape sosiale møteplassar i Kalvåg.
MUSIKKTEATERET BELLA OG SOLLA - OG PER - 60 000 kr til mobil tribune.
FLATRAKET IDRETTSLAG - 80 000 kr til nytt toppdekke på tursti
EIKEFJORD SKULEMUSIKK - 50 000 kr til innkjøp av nye instrument.
FLORØ KLATREKLUBB - 200 000 kr til ny klatrevegg i Florø idrettssenter.
MÅLØY VEKST AS - 30 000 kr til to-dagars samling for alle elevar på 8. trinn i Måløy.
FLORØ E-SPORT - 50 000 kr til gjennomføring av Digdag 2024.
BREMANGER SKULEMUSIKK - 30 000 kr til reperasjon av instrument.
STIFTELSEN NORSK HJORTESENTER - 500 000 kr til renovering av eit gamalt skifertak, samt installere solceller.
NORDDALSFJORD IDRETTSLAG - 70 000 kr til å etablere treningsrom ved den nedlagde skulen i bygda.
BREMANGER IDRETTSLAG - 20 000 kr til å sikre ein god klubbkvardag.
KRISESENTERET SOGN OG FJORDANE I FLORØ - 500 000 kr til oppgradering av uteområdet for dei yngste

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!

Banksjef Torunn Mattson ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Gulen-kontor overraska arbeidsgruppa bak Brekke-prosjektet med ein gåvesjekk på 100 000 kroner.

Les heile saka
Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!11. oktober 2024
Her er det første skiltet på plass9. oktober 2024
– Det vi gjer her er nyskapande!8. oktober 2024
Sparebankane med felles løft7. oktober 2024