GLER SEG: Thea Sandal (13), Jardar Øvrebø-Feldt (13) og Odin Årdalsbakke Djupvik (12) er blant ungdommane på Skei som ser fram til at den gamle kommunestyresalen til Jølster kommune blir ungdomsklubb.
Publisert 19. juni 2024No tar ungdommen over kommunehuset
Sidan kommunesamanslåinga for fire år sidan har store delar av kommunehuset på Skei stått tomt. No tar ungdommen i bygda over!
Tysdag kveld møtte ein god gjeng med ungdommar og foreldre opp i den gamle kommunestyresalen til Jølster kommune. Her skal det no bli ungdomsklubb.
Ein annan som også tok turen var Lars Solnørdal, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for privatmarknad i Sunnfjord. Med seg hadde han ei innflyttingsgåve på 250 000 kroner til ungdommen.
– Det var veldig snilt og bra!
Det seier 13 år gamle Thea Sandal, ei av dei som gler seg til at ungdommen i bygda får ein ny samlingsplass.
– Dette blir veldig gøy. Endeleg får vi ein plass å vere. Det er mange som har funne sine plassar, som på bensinstasjonen og i hallen. Det blir fint å få ein eigen plass å reise til, seier Jardar Øvrebø-Feldt (13).
GÅVE: Banksjef Lars Solnørdal hadde med 250 000 kroner til ungdommane på Skei.
Opnar til hausten
Gåva på 250 000 kroner er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Jølster Helselag er mottakar av gåva som skal gå til utstyr i det nye ungdomshuset.
Marte Hundvebakke og Camilla Øvrebø er begge foreldrerepresentantar i arbeidsgruppa for ungdomsklubben, og dei set stor pris på pengane dei får.
– Ungdommane har kome med ønsker om kva dei treng og kva dei vil ha, og for at vi skal kunne hjelpe dei med det, så er denne gåva heilt avgjerande. Dei ønsker ein plass som skal vere tilrettelagt for dei, der dei kjenner seg heime. Det klarer vi no, seier Øvrebø.
– Ungdommen fortener ein slik plass, og her er tanken å skape ein plass for alle. Her kan ein komme og berre vere seg sjølv. Planen er at det skal vere tilrettelagt for gaming, sjå film, brettspel, at ein berre kan møtast og slappe av, redesign og kunst og handverk, seier Hundvebakke.
Ungdomsklubben er tenkt opna til hausten.
– Når skulen begynner igjen så har vi tenkt å kalle inn til dugnad der vi mellom anna skal male. Men vi har ikkje tenkt å gjere ungdomsklubben ferdig. Vi skal lage eit godt utgangspunkt til dei, så skal dei få vere med å forme den vidare sjølve saman med ein miljøarbeidar frå kommunen som vert tilsett, seier Hundvebakke.
STORT LOKALE: Ganske tomt no, men til hausten skal det skje mykje.
– Fortent for ungdommane
Lars Solnørdal, som delte ut gåva, er glad for at ungdommen i bygda no får ein møteplass som er eit alternativ til den organiserte aktiviteten.
– Dette er veldig bra og fortent for ungdommane. Kjempebra at dei får bruke dette flotte lokalet! Eg likar også godt tanken bak at dei sjølve skal vere med å setje sitt preg på det, for då får dei også eit eigarskap til det. Vi gler oss veldig til å sjå korleis det blir, seier Solnørdal.
MYKJE PÅ GANG: Jardar Øvrebø-Feldt fortel Lars Solnørdal om planane dei har for ungdomsklubben.
Siste frå meirennbank.no
Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!
Banksjef Torunn Mattson ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Gulen-kontor overraska arbeidsgruppa bak Brekke-prosjektet med ein gåvesjekk på 100 000 kroner.
Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!11. oktober 2024
Her er det første skiltet på plass9. oktober 2024
– Det vi gjer her er nyskapande!8. oktober 2024
Sparebankane med felles løft7. oktober 2024