HELD FRAM SAMARBEIDET: Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde Volleyballklubb ser fram til vidare samarbeid. Fremst frå venstre: Lars Solnørdal, Thomas Østerbø og Gunn Aase Moldestad.
Publisert 15. mai 2023

Tre nye år som generalsponsor for Førde Volleyball: – Uvurderleg

Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde Volleyball har samarbeidd i meir enn 25 år. No er det signert sponsoravtale for tre nye år. – Kjekt å støtte ei så framtidsretta satsing, seier banksjef Lars Solnørdal.
Styreleiar i Førde Volleyballklubb, Thomas Østerbø, gler seg over avtalen.
– Sparebanken Sogn og Fjordane har vore med Førde Volleyball i uminnelege tide. Det er veldig kjekt at vi kan halde fram det gode samarbeidet som bidreg til at vi kan ha eit økonomisk berekraftig fundament i klubben, seier han.

Storsatsing nasjonalt

Førde Volleyballklubb konkurrerer på høgt nivå i Norge, og er representert i eliteserien for både damer og herrar. I tillegg har dei over 150 aktive spelarar i ulike aldrar, frå minivolleyball for dei minste til eliteseriesatsinga. Herrelaget har seks NM-gull og 5 seriegull, damelaget har eitt seriegull og to NM-gull.
I tillegg til elitesatsinga, når klubben breitt ut gjennom Hafstadsatsinga og fokuset på breiddeidretten. Sponsoravtalen med banken er med å støttar opp om dette, forklarar Østerbø.
– Vi skal ikkje vere enten ein eliteklubb eller ein breiddeklubb. Vi skal vere begge deler. Det ser vi eit eksempel på i dag, seier Østerbø og peiker til Martin Olimstad.
Han er kaptein på herrelaget til Førde. I 2021 leia han laget til NM-gull, men torsdag ettermiddag er han i Hafstadparken i Førde og instruerer lokale barn og ungdom i sandvolleyball. Torsdag vart han og tre lagkameratar òg overraska med premiar frå medspelarar i Mizunoligaen. Olimstad fekk pris for mest verdifulle spelar, Eivind Hettevik fekk for beste oppleggar og Jobjørn Røkenes Myren fekk for beste kantspelar.
– For at vi skal klare å halde dette oppe, er vi avhengige av slike samarbeid som vi har med banken, seier Østerbø.
– Det er imponerande å sjå kva Førde volleyballklubb har fått til og alt engasjementet som blir lagt ned i klubben. Aktiviteten i klubben bidreg til idrettsglede for lokale barn og ungdommar, og også til rekruttering til Sunnfjord. Det er kjekt å støtte ei så framtidsretta satsing, seier Lars Solnørdal, banskjef for privatmarknad i Sunnfjord.
(Saka held fram under bildet)

– Ein klubb for alle, ikkje berre dei beste

Midlane frå sponsoravtalen skal bidra til vidare utvikling av klubben, mellom anna gjennom elitesatsinga men også gjennom rekruttering. Volleballklubben jobbar nemleg aktivt for å sikre rekruttering i åra som kjem. Det siste året har dei retta fokuset mot dei minste.
– Vi har sett i gang aktivitet for minivolleyballen for barn i fem og seks års alderen. Der har vi gått frå nesten ingen til rett under 100 deltakarar på treningane på eitt år.
Dette speler opp under heile poenget med klubben, meiner han.
– For å vere den topp eliteklubben vi er, må vi òg vere ein topp breiddeklubb. Det er ikkje sånn at dei beste har det best, alle skal ha det best. Vi er veldig heldige med at vi over mange år har klart å skape eit godt miljø.
– Det vi får til, viser at vi meiner alvor med satsingane våre. Det er klart at det kostar pengar, og for å halde dette nivået oppe og samtidig ta vare på breiddeaktiviteten, som er veldig viktig for oss, er dette samarbeidet med banken heilt uvurderleg for oss.
– Å utvikle ein klubb som Førde Volleyball som lykkast både i topp og i breidde gjer seg ikkje sjølv og er vanskeleg å få til utan velorganisert dugnadsarbeid og frivilligheit. Det er frivilligheita som ofte tek over barna våre når skuledagen er slutt. Å legge til rette for og rose alle som står på kvar einaste dag for at barna og ungdomane våre skal ha eit godt aktivitetstilbod på fritida si, er berekraft i praksis, avsluttar marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunn Aase Moldestad.
Frå venstre: Lars Solnørdal, Thomas Østerbø og Gunn Aase Moldestad.

Sunniva Knutsen

kommunikasjonsrådgjevar908 15 045sunniva.knutsen@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen

Ein skuleturné saman med lokale kvinnelege rollemodellar skal forhåpentlegvis inspirere fleire. – Om vi rekrutterer både jenter og gutar, dekker vi samfunnet sine behov på ein betre måte.

Les heile saka
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024
Ny støtteordning til bedrifter9. april 2024