AVTALAR I BOKS: På bildet til venstre smiler Anne Sofie Berntsen og Siss-May Edvardsen i Tambarskjelvar for den forlenga avtalen med banken. Bak dei sit Ingunn Slettehaug (kunderådgjevar) og Lars Solnørdal (banksjef Sunnfjord). Til høgre gir Solnørdal tommel opp saman med Kai Vidar Nygård, sponsoransvarleg hos Sunnfjord Golfklubb.
Publisert 10. mai 2023

– Begge desse laga bidreg til å skape attraktive lokalsamfunn

Ein gammal kjenning vert med vidare, og eit nytt kjennskap er stifta. To sponsoravtalar er signert.
I desse dagar vert ei rekke sponsoravtaler fornya rundt om i Sogn og Fjordane, og dei to ferskaste finn vi i Sunnfjord. Den eine avtalen er med Tambarskjelvar IL, den andre med Sunnfjord Golfklubb. Sistnemnde avtale er eit heilt nytt samarbeid.
– Vi er veldig fornøgd med å ha inngått samarbeid med Sunnfjord Golfklubb. Dei har som hovudmål å skape eit godt golfmiljø for alle aldersgrupper, noko dei lukkast veldig godt med. Mellom anna tilbyr dei trening for barn heilt ned i 6-årsalderen, seier Lars Solnørdal, banksjef for privatmarknad i Sunnfjord.


– For heile Sogn og Fjordane

Sunnfjord Golfklubb har over 500 medlemmer, og alle som har køyrt på E39 forbi anlegget på Vassenden har nok lagt merke til at det veldig ofte er mange bilar på parkeringsplassen.
– Golfklubben er ein viktig aktør i Sogn og Fjordane, og dei gjer ein stor innsats for å legge til rette for og rekruttere så mange som mogleg til golfsporten. Med golfsimulatoren dei har i klubbhuset sitt har dei også gjort golfsporten til ein heilårsidrett. Sunnfjord Golfklubb er ein stor og viktig klubb for idretten sin, seier Solnørdal.


– Eit sosialt knutepunkt i Naustdal

Som nemnd innleiingsvis er det også signert avtale med Tambarskjelvar IL. Dei har lange tradisjonar med Sparebanken Sogn og Fjordane, og banksjefen ser fram til at samarbeidet vert vidareført med tre nye år.
– Akkurat som Sunnfjord Golfklubb bidreg også Tambarskjelvar IL til å skape eit attraktivt lokalsamfunn, seier Solnørdal.
Han held fram:
– Tambarskjelvar er eit sosialt knutepunkt i Naustdal. Idrettslaget bidrar på ein veldig god måte med å skape trivsel og samhald i lokalmiljøet, og det er veldig kjekt å sjå. Noko av grunnen til dette er det breie idrettstilbodet dei har. I Tambarskjelvar er det fullt mogleg å vere aktiv og ha det kjekt heile året, både innandørs og utandørs, seier banksjef Solnørdal.
Tambarskjelvar var sist helg ein av arrangørane då Kongleriket Miniputt-sesongen starta opp igjen. Med opp mot 500 fotballglade barn frå både Tambarskjelvar, Florø, Eikefjord, Førde og Jølster vart sesongstarten ein stor suksess.
– Eit glimrande gjennomført arrangement på Naustdal stadion, rosar Solnørdal.
Og når vi først er inne på arrangement er det på sin plass å nemne at Sunnfjord Triatlon, som Tambarskjelvar arrangerer, nærmar seg. 17. juni er det igjen idrettsfest i Naustdal, og du kan lese meir om det, og melde deg på her.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Desse fekk gåve i Årdal og Sogndal kommune

Våren betyr tid for gåveutdelingar. I kommunane Årdal og Sogndal har 16 spennande prosjekt fått til saman 2 265 000 kroner.

Les heile saka
Desse fekk gåve i Årdal og Sogndal kommune26. mai 2023
Her vert EM-klare Erik overraska med stipend25. mai 2023
Dobbel feiring for Amanda på 17. mai!23. mai 2023
Tre nye år som generalsponsor for Førde Volleyball: – Uvurderleg15. mai 2023