MYKJE AKTIVITET: – Det myldrar med ungar her kvar dag, seier Trond Eiken, som tysdag kveld hadde med seg ei gåve på 80 000 kroner.
Publisert 16. november 2022

Første steg for Rutlinslid-løft

Styret i Grendalaget har store planar for nærmiljøanlegget. No skal ballbingen oppgraderast med hjelp av gåvemidlar frå bankoverskotet.
– Det var veldig kjekt med gåve! Rehabilitering av eksisterande ballbinge er første tiltak i prosjekt med å løfte nærmiljøanlegget i Rutlinslid, fortel Grunde Høgi, styremedlem i Leite Grendalag.
Han fortel at styret har langsiktige og store planar for området:
– Leite Grendalag ønskjer at det regulerte friområdet i Rutlinslid skal bli ein plass som i langt større grad enn i dag motiverer til leik, fysisk aktivitet og sosialt samvær for barn, unge og voksne i nærmiljøet, seier han.
Gåva gjev han tru på at styret kan få draumane realisert.
– Vi jobbar for å få tiltaket fullfinansiert slik vi kan starte jobben. Å få midlar som i dag gjev motivasjon for å jobbe vidare med andre tiltak og søknadar, fortel han.
Kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Eiken, var tysdag ettermiddag på plass for å gje ut gåvemidlane. Gåvemidlane vert delt ut av eigaren til Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
– Leikeplassen på Leite er ein viktig og mykje nytta møteplass for ungane i nabolaget. Det har den vore i fleire tiår. Styret i grendalaget er driftige og har mykje planar framover. Vaksne og ungar set pris på å ha denne møteplassen. Det er ikkje vanskeleg å sjå. Det myldrar med ungar her kvar dag. Då er det kjekt for oss å gjennom stiftinga kunne bidra med 80 000 kroner til oppgraderingar som trengs på ballbingen, fortel Eiken.

Johanne Viken Sandnes

Leiingkommunikasjonsdirektør959 21 208johanne.sandnes@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Vårsjekken på hus og hytte

Etter ein lang vinter med kulde og nedbør vil ein grundig vårsjekk på hus og hytte bidra til å identifisere potensielle problem og førebygge skadar, noko som kan spare deg både tid og pengar på lang sikt.

Les heile saka
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024
Ny støtteordning til bedrifter9. april 2024
Desse gjer ein jobb som angår oss alle9. april 2024