ARBEID PÅ GANG: Haavetun, det eldste bygget på Sunnfjord Folkehøgskule, vert rehabilitert. Til dette får dei 500 000 kroner i gåve. Frå venstre: Steffen Fjørstad (assisterande rektor), Lars Solnørdal (banksjef privatmarknad i Sunnfjord), Jon Olav Leira (rektor) og Ottar Rusken (driftsleiar).
Publisert 2. juni 2023

Gåve til historisk hus i Førde

– Å ta vare på bygget er med og sikrar drifta til eit viktig barne- og ungdomsarbeid, seier Jon Olav Leira, rektor på Sunnfjord Folkehøgskule.
Om du har vore på farten frå Vie i Førde retning Angedalsvegen, har du garantert sett det. Det store raude trebygget som ruvar i terrenget. Haavetun er namnet, og er det største trebygget i Sunnfjord. Det var også Sunnfjord Folkehøgskule sitt første bygg då det sto klart i 1910.
Dette historiske trebygget er under renovering, og til denne jobben har dei fått 500 000 kroner i gåve. Pengane er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Når vi er i den posisjonen at vi skal satse slik som vi skal, så betyr dette mykje for oss, seier rektor Jon Olav Leira.


Dramatisk historie

Historia til Haavetun strekk seg 113 år tilbake i tid. Det sto klart til skulestart i 1910, men kort tid etter skulestart oppstod det ein dramatisk brann. Seks personar mista livet på tragisk vis då Haavetun brann ned.
Ved skulestart 1911 sto det som er dagens bygg klart. Før Sunnfjord Folkehøgskule tok i bruk andre bygg på Solvang var dette hovudbygget til skulen. På 80-talet vurderte styret å rive Haavetun, men dåverande rektor Leon Haugsbø fekk i stand ei leigeavtale med Høgskulen og bygget fekk sprinkelanlegg og rusta mykje opp. Dei seinare år er bygget blitt brukt til klasserom for E-Sport Aktiv og til utleige av bueiningar til studentar og sjukehustilsette. Ein stor ombygging pågår akkurat no, og når det er klart så vil dei få endå fleire hyblar og leilegheiter til utleige.
I tillegg skal bygget rehabiliterast utvendig, og det er til dette Sunnfjord Folkehøgskule no har fått pengar.
– Det kostar mykje å ta vare på gamle bygg, men saman med Gamlebanken er Haavetun store identitetsbygg i Førde. Dette er kulturberande bygg i Førde som vi må vere stolte av, seier Leira.
Han held fram:
– Vi er veldig glade for at vi får gjort det vi skal no. Mellom anna skal vi legge nytt skifertak. Dette er betrakteleg dyrare enn for eksempel ståltak, men å behalde skifertaket gjer noko med bygget sitt uttrykk. Kledningen som er på bygget er frå byggeår, og den skal vi behalde.
FRAMME: Slik ser Haavetun ut på framsida.


– Ungdom hjelper ungdom

Sunnfjord Folkehøgskule på Solvang i Førde har kvart skuleår om lag 80 elevar. Her kjem det ungdommar frå heile Norge for å gå på linjer som volleyball, e-sport, dans, friluft og musikal og teater. Kvart år lyser skulen også ut ti andreårsstipendiat, som dagens elevar kan søke på.
– Ungdom hjelper ungdom, det er eit viktig prinsipp på Sunnfjord Folkehøgskule. Desse ti som blir med vidare som viktige kontinuitetsberarar og støttepersonar. Her får ungdom dyrka interessene sine som dans, volleyball, friluftsliv og gaming i tillegg til at dei blir utfordra til personleg vekst og utvikling. Vi opplev stadig også at ungdommar får snudd liva sine her, og det er fantastisk kjekt å sjå, seier rektoren. 
Ein viktig del av inntekta til folkehøgskulen er nettopp det ein har vore innom, utleige av Haavetun.
– Klarer vi å gå med overskot, så brukar vi det på å utvikle skulen. Å betre tilbodet vårt. Det er det pengane går til. Så det å ta vare på bygget er med og sikrar drifta til eit viktig barne- og ungdomsarbeid, og det er eit arbeid vi finn meiningsfylt, seier Leira.
Dette vert støtta av Lars Solnørdal, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på privatmarknad i Sunnfjord. Det var han som overrekte gåva på 500 000 kroner.
– Haavetun er eit ikonisk bygg som veldig mange i Førde har eit forhold til, og det er heilt klart eit bygg det er viktig å ta vare på. Når bygget i tillegg er med på å styrke den gode og samfunnsnyttige jobben som Sunnfjord Folkehøgskule gjer, så er det ekstra kjekt å gi dei denne gåva, seier banksjefen.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

– Her vart eg skikkeleg rundlurt!

Johan-Olav Smørdal Botn (24) kom rett frå topptur med kameratar, og trudde han skulle gå lagsmeisterskap i skiskyting. I staden vart han overraska med Furorestipend og var plutseleg 50 000 kroner rikare.

Les heile saka
– Her vart eg skikkeleg rundlurt!27. mars 2024
– Vi er alltid i beredskap25. mars 2024
Økonomivettreglar22. mars 2024
Vårsjekken på hus og hytte18. mars 2024