FEKK GÅVE: Det vart god stemning då Kari Helen Blikås (t.v.), Randi Fedøy Norheim, Marianne Hillersøy og Britt Hillersøy fekk sjå kva som sto på sjekken dei fekk.
Publisert 16. november 2022

Vart overraska med stor førjulspresang

– Det står 500 000 kroner på sjekken, men for oss er dei pengane mykje meir verdt.
Det seier Dag Ove Hillersøy, leiar i Bulandet IL og Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall AS.
Han og veldig mange andre på Bulandet og Værlandet har i fleire år lagt ned ein imponerande innsats for å få i stand fleirbrukshallen sin. Ferdigstilling nærmar seg, og med seg på vegen mot målet får dei ei gåve på 500 000 kroner. Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.


2000 dugnadstimar sidan april

Sjølve bygget har vore tett i fleire år, og i 2019 endra dei namn frå Bulandet Symjehall til Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall. I april 2022 starta arbeidet med å ferdigstille hallen innvendig som skal innehalde mellom anna symjebasseng, garderobar, aktivitetssal, klubbkontor, konferanserom og treningsareal – for å nemne noko.
– Sidan oppstart på ferdigstillinga har det blitt jobba om lag 2000 dugnadstimar, og då tar vi ikkje med det administrative, forklarer Hillersøy.
Og det er nettopp på grunn av den imponerande innsatsen innbyggarane har lagt ned at dei no får gåva frå bankoverskotet.
– Denne gåva vil vi gi fordi vi ser kor høgt prioritert denne hallen er i lokalsamfunnet her, og det ser ein på den enorme dugnadsinnsatsen dei har lagt ned i hallen allereie. Samstundes er ikkje dugnadsinnsats ein uuttømmeleg ressurs, så forhåpentlegvis vil denne gåva hjelpe dei i innspurten, seier Torunn Mattson, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på privatmarknad i regionen.
I lag med kunderådgjevar Markus Rivedal Haaland fekk dei æra av å dele ut den store sjekken.
– Det er lagt ned ein fantastisk innsats her, så desse pengane er veldig fortent. Vi gler oss til å komme tilbake og sjå det endelege resultatet, seier Haaland om prosjektet som i 2019 fekk 750 000 kroner.
HALV MILLION: – Det står 500 000 på sjekken, men for oss er dei pengane verdt mykje meir, seier Dag Ove Hillersøy.


Jobbar seint og tidleg

Tidspunktet for ferdigstilling er i utgangspunktet i september 2023, men med denne gåva håpar dei at det skjer før sommaren.
– Dette vil vere ein enorm motivasjonsboost til bygda som legg ned tallause timar med dugnad. Ei uvurderleg gåve som for evig vil stå skriven i gull, seier Bengt Ronny Landøy-Midtbøen, leiar i byggenemnda.
Han var på jobb under utdelinga, men til stades var nemnde Dag Ove Hillersøy, i tillegg til Britt Hillersøy, Randi Fedøy Norheim, Marianne Hillersøy, Fred Willy Rogne og Kari Helen Blikås. Sistnemnde sit i byggenemnda, medan dei andre er med i styret til Bulandet IL.
– Dette er ei fantastisk førjulsgåve for oss, seier Blikås.
– Vi har eit mannskap som har jobba utrøytteleg i vekedagar og helgane. Seint og tidleg. For dei blir dette ein moralsk injeksjon som eg trur vil løfte dei heile vegen fram til ferdigstillinga. På vegne av Bulandet Idrettslag vil eg takke så mykje for tilliten, avsluttar Dag Ove Hillersøy.
For å følge med på den imponerande innsatsen som vert lagt ned, kan Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall følgast på Facebook.
FRÅ VENSTRE: Torunn Mattson (banksjef), Britt Hillersøy, Dag Ove Hillersøy, Marianne Hillersøy, Fred Willy Rogne, Kari Helen Blikås, Randi Fedøy Norheim og Markus Rivedal Haaland (kunderådgjevar).
NÆRMAR SEG: Dette bassenget og resten av hallen skal vere klart til sommaren.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Vil rekruttere fleire som Kristin

Totalt 1,65 millionar vart delt ut på frukostmøte i Sogndal fredag. Mellom anna får Leikanger skyttarlag 400 000 kroner.

Les heile saka
Vil rekruttere fleire som Kristin25. november 2022
– Målet vårt er at besøkande skal bli tryggare i naturen24. november 2022
Eit steg nærare ny samlingsplass i Eikefjord16. november 2022
Styrker idretten med 850 000 kroner16. november 2022