FÅR ERFARING: Yrkesfagelevane Hedda Sølvberg, Ingeborg Hauge Otterdal og Gaute Lindvik Erdal er tre av nesten 60 elevar som er med og realiserer Nordfjord Smarthus på Nordfjordeid.
Publisert 15. februar 2023

Får stor gåve: – Dette er veldig spennande, og noko heilt nytt!

Elevar ved Stryn VGS og Eid VGS står for bygginga av det dei håpar skal bli Norges grønaste smarthus.
– Dette er veldig spennande, og noko heilt nytt!

Det seier Ingeborg Hauge Otterdal (17), som går tømrarlinja ved Stryn VGS.
– Det er veldig kjekt! Og ganske annleis i forhold til andre prosjekt vi har vore med på, legg Gaute Lindvik Erdal (17) til. Han går på betonglinja i Stryn.
Desse er to av nesten 60 elevar som er med på eit veldig spennande prosjekt på Nordfjordeid. Nordfjord Smarthus begynner å ta form, og det er yrkesfagelevar ved bygg- og transportlinja på Stryn VGS, og elektro, fysikk, TIP og design ved Eid VGS som står bak.

– Vil skape interesse for yrkesfag og teknologi

Innovasjonsselskapet Inviro er initiativtakar, men det er eit samarbeidsprosjekt mellom mange aktørar. Bakgrunnen for prosjektet er å gi elevane relevant og praktisk undervisning før arbeidslivet ventar, og 36 bedrifter har også bidrege på ulike måtar med utstyr som trengs. På denne måten er dei også med og bidrar til kommande rekruttering.
Nyleg var Ørjan Skåden og Svein Petter Starheim i Sparebanken Sogn og Fjordane innom elevane på byggeplassen rett ved Eid VGS, og med seg hadde dei ei gåve på 750 000 kroner. Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
FÅR PENGAR: Overrekking til elevane ved smarthuset som dei er godt i gang med.
– Denne tildelinga er heilt fantastisk for oss!
Det seier Øystein Nes, dagleg leiar i Inviro.
– Vi ønsker å legge til rette for ein arena der vi skaper interesse for yrkesfag og for teknologi. Og dette smarthuset er ei perfekt smørje av alt. Det er heilt galskap å bygge eit slikt hus, men det er fantastisk galskap. Dette er noko heilt unikt som ingen andre har bygd. Vi håpar det fører til rekruttering, interesse og nysgjerrigheit, seier Nes.

Eit «levande» hus

Huset skal innreiast som eit vanleg bustadhus med det meste av moderne teknologi. Det skal vere eit «levande» hus som elevar og næringsliv i framtida kan få bruke til testing og anna relevant arbeid.
– Dette er eit grønt prosjekt, og huset skal innehalde det meste av nye energiløysingar og styringar. Mellom anna skal det på taket vere solfangar og solceller. Solfangarar er det nesten ikkje på Vestlandet i det heile tatt, seier Ove Bjørlo, prosjektleiar for smarthuset.
Dei har sett seg eit mål om at det skal bli Norges grønaste smarthus, som etter planen skal ha offisiell opning i andre halvår av 2023.
LANGT PÅ VEG: Slik ser det ut i februar 2023. I løpet av andre halvår i år skal dei ha offisiell opning.

Gåve frå bankoverskotet

– For oss er dei ei stor glede å bidra med denne gåva til eit fantastisk prosjekt! Eit av dei aller viktigaste samfunnsoppdraga til banken er å bidra til eit godt og attraktivt næringsliv i området vårt, og det er også veldig flott å sjå at mange andre bedrifter er med på dette og på den måten investerer i framtidig arbeidskraft, seier Ørjan Skåden, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for bedriftsmarknaden i Nordfjord.
Han delte ut pengane saman med Svein Petter Starheim, som er kunderådgjevar på bedriftsmarknaden i banken.
– Det er veldig mykje som er bra med dette prosjektet, mellom anna at her får dei ulike linjene arbeidd saman på tvers av bransjar og på den måten også lærer av kvarandre. Det er veldig flott og nyttig, seier Starheim.
– Ja, det er veldig spennande å få vere med på eit så stort prosjekt, som er veldig relevant for det vi skal gjere på i framtida, avsluttar Hedda Sølvberg (18), elev på tømrarfag ved Stryn VGS.
FORNØGD: – Denne tildelinga er heilt fantiastisk for oss, seier Øystein Nes (t.h.), dagleg leiar i Inviro. Her saman med Ørjan Skåden i Sparebanken Sogn og Fjordane.
SLIK: Når bygget er ferdig skal det sjå slik ut. Skissa er teikna av Stadsutviklaren.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Krisesenteret får ein halv million i gåve

– Dette er eit svært viktig tilbod for alle barna som kjem innom her, seier Anja Korneliussen.

Les heile saka
Krisesenteret får ein halv million i gåve27. mars 2024
– Her vart eg skikkeleg rundlurt!27. mars 2024
– Vi er alltid i beredskap25. mars 2024
Økonomivettreglar22. mars 2024