OPE HEILE ÅRET: Med denne gåva får Sunnfjord Golfklubb god drahjelp til å sørge at medlemmane kan spele golf - også på vinteren. Frå venstre: Jo Salthammer, Per-Erik Hauge, styreleiar i klubben Magne Stubhaug og Anders Nydal.
Publisert 9. november 2022

– No slepper medlemmane å fryse ute i minusgrader

Dagane er kortare og snart set vinterkulda inn for fullt. Men for Sunnfjord Golfklubb betyr ikkje det at golfsesongen er slutt.
Klubben er allereie i gong med å rigge opp den populære golfsimulatoren slik at golfentusiastane kan spele gjennom vinteren.
Det nye frå i år er at medlemmane får større boltreplass i nytt klubbhus, og kanskje best av alt - dei kan gjere ventinga inne i varmen.
– I det gamle klubbhuset var det for liten plass til at du kunne vente inne viss nokon brukte simulatoren. No slepper medlemmane å fryse ute i minusgrader når dei ventar før og etter golfinga, seier styreleiar i Sunnfjord Golfklubb, Magne Stubhaug.


– Overraska

Søndag var det myldrande liv på golfbana på Vassenden då klubben inviterte til turnering, trass i at det bøtta ned i ekte vestlandsstil.
I tillegg til golfarar i alderen 6 til 92, stilte banksjef for privatmarknad, Lars Solnørdal, frå Sparebanken Sogn og Fjordane, saman med kollegaer Jo Salthammer, Per Erik Hauge og Anders Nydal.
Med seg hadde dei ein sjekk på 500 000 kroner til utvikling av heilårsanlegget. Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Eg fekk eit lite hint på førehand om at det kanskje var lurt å vere til stades under turneringa, seier Stubhaug og ler før han held fram:
– Vi hadde sjølvsagt håp om å få innvilga søknaden vår, men det var ei overrasking. Denne støtta betyr veldig mykje for vidare utvikling av anlegget vårt.


– Stor utvikling

Anlegget består av ei 9-hols golfbane med doble utslag, slik at ein kan spele fulle 18 hols-rundar, ein driving range og ei 3-hols kortbane for dei yngste, og blir godt brukt av dei til saman 480 medlemmane.
Banksjefen er imponert over alt golfklubben har fått til.
– Det er gledeleg å sjå utviklinga til klubben og den auka interessa for golfsporten i Sunnfjord. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er og imponerte over dugnadsinnsatsen som blir lagt ned og det er med stor glede vi kan bidra til at klubben kan utvikle seg vidare med å oppgradere fasilitetane med nytt klubbhus, seier Solnørdal og held fram:
– Vi heiar på Sunnfjord golfklubb og ønsker lukke til med å ferdigstille prosjektet til glede for alle medlemmane.


Viktig møteplass

Men med nytt klubbhus som snart er ferdig og klar for offisiell opning, får medlemmane rom for å møtast og ta i vare det sosiale. Noko som er veldig kjekt, ifølge Stubhaug.
– Eg ser at golfen er ein viktig sosial møteplass for mange. Vi får kombinert å treffe vener, drive fysisk aktivitet og spele golf. Det er ein viktig sosial møteplass, og no kan ein kome før, varme opp og ta ein kaffikopp og preike etterpå, avsluttar han.

Sunniva Knutsen

kommunikasjonsrådgjevar908 15 045sunniva.knutsen@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Vårsjekken på hus og hytte

Etter ein lang vinter med kulde og nedbør vil ein grundig vårsjekk på hus og hytte bidra til å identifisere potensielle problem og førebygge skadar, noko som kan spare deg både tid og pengar på lang sikt.

Les heile saka
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024
Ny støtteordning til bedrifter9. april 2024
Desse gjer ein jobb som angår oss alle9. april 2024