Milliongåve til grønt plast- og kompositt-samarbeid på Sandane



TIL NCMT: Vidar Nyhammer (t.v.) og Ørjan Skåden med beviset på at NCMT på Sandane har mottatt ei stor gåve.
22. juni 2022 – Inger Marie Lien og Kristian Helle

NCMT på Sandane jobbar med å gjere plast- og komposittindustrien grønare. Til denne viktige jobben har dei fått ei gåve på 1 million kroner.
– Dette betyr mykje! Som ei relativt ny og sjølvståande klynge er denne støtta med på å skape rammer som gjer det lettare for oss å kunne starte opp prosjekt og aktivitetar. Desse skal bidra til utvikling og samarbeid i plast- og komposittindustrien.
Det seier Vidar Nyhammer i Norwegian Circular Material Technology (NCMT) på Sandane. Nyleg var han innom banken på Sandane og møtte Ørjan Skåden, som er banksjef på bedriftsmarknaden i Nordfjord. Han stilte med ein sjekk til NCMT på 1 million kroner.
Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Gjenbruk og resirkulering
NCMT er ei næringsklynge med rundt 70 medlemmer frå både inn- og utland, som alle har det same formålet – å gjere plast- og komposittindustrien grønare.
– Fellesnemnaren for prosjekta vi held på med er at dei tar utgangspunkt i utfordringane og moglegheitene plast- og komposittindustrien står overfor i det grøne skiftet, forklarer Nyhammer.
Han held fram:
– Ei hovudutfordring er å kunne finne gode løysingar som stimulerer til gjenbruk, og som bringer meir resirkulerte material tilbake i ny produksjon. Rolla vår som næringsklynge er at vi legg til rette for dialog og samarberid, arrangerer møteplassar og workshopar, og startar opp og bidrar inn i forskings- og utviklingsprosjekt, seier Nyhammer.
Vestland viser veg
Som nemnd var det Ørjan Skåden som gav beviset på at næringsklynga på Sandane er tildelt denne milliongåva, og han rosar jobben dei gjer for miljøet.
– NCMT er ein kjempeviktig aktør innanfor plast- og komposittindustrien, og det at dei held til på Sandane er noko vi skal vere stolte av. Blant medlemmane til NCMT er Vestland det fylket som har flest, og det er gledeleg. Det viser at fylket vårt tek det grøne skiftet på alvor, seier Skåden.

FAKTA
NCMT:
Norwegian Center for Material Technology. Starta i 2019 av Strukturplast, Brødrene Aa, Bergen Carbon Solutions, Selstad, FiReCo, Lindberg & Lund og KDA Aerostructures. Les meir om NCMT på heimesida deira her (https://ncmt.no/).
Plast og komposittmaterial
er lette og slitesterke, krev lite vedlikehald og har lang varigheit. Til dømes kan plast i mange tilfelle erstatte stål fordi den er ti gonger sterkare og produksjonen av plast har eit mykje mindre karbonavtrykk enn stålproduksjonen.

Siste frå meirennbank.no

Krisesenteret får ein halv million i gåve

– Dette er eit svært viktig tilbod for alle barna som kjem innom her, seier Anja Korneliussen.

Les heile saka
Krisesenteret får ein halv million i gåve27. mars 2024
– Her vart eg skikkeleg rundlurt!27. mars 2024
– Vi er alltid i beredskap25. mars 2024
Økonomivettreglar22. mars 2024