Elisabeth Strøm med sjekken flankert av frå venstre: Stig Ove Nesbakk, Eivind Hopland, Agathe Lunde Bergset, Emil Skrede, Jannike Oterholt Tvinnereim, Anne Petersen, Rolf Magne Hellevang og Odd Kjetil Tonning. Bak ser vi den gamle utedoen som snart blir permittert.
Publisert 15. november 2023

– Ein sånn luring tek vi gjerne ein gong til

Banksjef Odd Kjetil Tonning ba leiinga i Hardbagg idrettslag om å bli orientert om planane sine på Ålandsleite. Det dei ikkje visste var at Tonning hadde med seg ein sjekk på 300 000 kroner.
Eldsjelene bak idretten i Hardbagg idrettslag har lenge hatt planar om å løfte kvaliteten på idrettsanlegget på Ålandsleite. Spesielt har trongen for nytt toalett og sanitæranlegg stått øvst på ønskelista. Fram til i dag har nemleg berre ein utedo og eit transportabelt tanktoalett vore løysinga.
Men medan leiinga i styret har sendt søknader om støtte, «både hit og dit» som leiar Elisabeth Strøm seier, så har dei like godt starta arbeidet.

Nye toalett og nytt kjøkken

– Vi har bora 120 meter ned for å få tak i grunnvatn, og vi har langt på veg ferdigstilt tre nye toalett og så smått byrja på eit nytt kjøkken. Totalt er alt arbeidet kostnadsrekna til 1,2 millionar kroner. Med denne svært overraskande gåva på heile 300 000 kroner, er vi godt hjulpne allereie. Det er berre heilt fantastisk.
Ho fortel at gåva også vil glede mange i bygda, både eldre og barn.
– No kan vi med betre samvit også invitere andre til å komme hit på konkurransar, både i langrenn, skiskyting og fotball. For no får vi skikkelege fasilitetar, strålar Elisabeth Strøm då ho mottek gåve frå Odd Kjetil Tonning og Agathe Lunde Bergset medan fleire av eldsjelene i Hardbagg idrettslag dukkar opp på parkeringsplassen på Ålandsleite ein kald måndag ettermiddag.
Og som Rolf Magne Hellevang seier: – Ein sånn luring tek vi gjerne ein gong til!

Lokalt arbeid

– Det flotte er dessutan at bortsett frå at vi har leigd inn eit eksternt firma til å bore etter vatn, så brukar vi berre lokal arbeidskraft. Dette er folk som har sterk tilknytning til bygda, og som er svært glade for at vi får eit løft. Vi fekk ein kjempesmell då skulen i bygda var lagt ned i august, og denne påskjønninga på Ålandsleite kan gje oss nytt løft. For det treng vi, fastheldt leiaren og viser dei to banktilsette rundt på Ålandsleite. Ikkje minst er dei glade for at no vert det slutt på å bruke utedoen.
– Eg treng vel ikkje forklare kor ille denne utedoen har vore. I 2023 burde ikkje dette vere aktuelt. Men i løpet av vinteren skal tre nye og moderne toalett stå ferdige. No kan både tilreisande og fastbuande vere her oppe på anlegget over lengre tid, og ikkje måtte stikke ned i bygda for å gjere sitt fornødne, seier Strøm om kvalitetsløftet som idrettsanlegget er i ferd med å gjennomgå.

Aktivitet både sommar og vinter

– Når anlegget ligg så høgt som 400 moh, så bruker det å vere tidleg sesongstart i skiskyting her. Då brukar vi å ha krinsrenn. No ser vi fram til å gje vinterutøvarar tidsriktige fasilitetar når dei kjem hit. Anlegget er dessutan ope for alle, og saman med Ullsheim på Markane er dette anlegget av dei første med aktivitet på vinterstid. Dessutan kan det nye toalett og garasjeanlegget gjere det langt meir attraktivt å vere her på sommarstid når det er fotballssesong, seier Elisabeth Strøm og understrekar at sjekken frå eigarstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane skal gøymast på ein hemmeleg plass inntil vidare.
Sjekk på vegg
– Vi har mykje flott på veggane inne i klubbhuset på Ålandsleite av både pokalar og slikt. Kanskje vi skulle finne plass til denne sjekken også. Det er kort og godt ei fantastisk gåve. Og ekstra hyggeleg då det er den første gåva vi har fått. Vi har faktisk ikkje fått svar på dei andre søknadane vi har inne, seier Strøm og kan ikkje skjule gleda og varmen ho føler sjølv om gradestokken ute viser minus fem grader.
– Denne gåva varmar verkeleg, avsluttar ho medan kveldshimmelen er i ferd med å senke seg over Ålandsleite idrettsanlegg og dei entusiastiske eldsjelene der.
Dei 300 000 kronene til Hardbagg idrettslag kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

No blir det betre tursti på Atløy

Fjelltrimgruppa i Atløy IL får 70 000 kroner i gåve til å lage tursti ved Tvibergsundet. No står dugnadsgjengen klare å sette i gang arbeidet i løpet av våren.

Les heile saka
No blir det betre tursti på Atløy7. desember 2023
Økonomiske spådommar for 20247. desember 2023
Startar kursserie for unge kunstkritikarar7. desember 2023
Milliongåve til Villakssenteret i Lærdal5. desember 2023