
To gåver til hestemiljøet på Nordfjordeid
Siri Endal ved Norsk Fjordhestsenter hadde problem med å halde tårene tilbake då eigarstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane kom med ein sjekk på ein million kroner. Den første og største av to gåver til hestemiljøet på Eid som blei delt ut denne veka.
– Eg begynner å grine. No vart eg skikkeleg lurt. Eg trudde kanskje vi skulle få noko i støtte, men dette var over all forventning, strålar Siri Endal då Svein Petter Starheim frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor på Nordfjordeid viser fram sjekken på ein million kroner.
Og styreleiar Siri Sandvik stemmer i:
– Eg trudde også at vi fekk noko i støtte, men hallo?
Overraska
Ingen tvil om at smilet omtrent gjekk rundt ansiktet på dei involverte ved Norsk Fjordhestsenter då trioen Svein Petter Starheim, Ann-Serine Hagen og Helge Høvig troppa opp med ei overraskande gåve til senteret.
– I samband med rehabilitering av senteret, så hadde vi søkt om ein million kroner. Og at vi skulle få heile søknadssummen, var langt over forventa. Med dette signalet håpar vi at andre aktuelle samarbeidspartnerar forstår verdien av den jobben som vert gjort her ved fjordhestsenteret. Så no håpar vi at både lokale stiftingar, fylkeskommune og stat ser kor viktig arbeid som blir lagt ned her og bidrege økonomisk, seier styreleiar Siri Sandvik og rosar dei tilsette ved senteret for å vere ambisiøse i arbeidet sitt.
Ei av dei største hestelinjene
Norsk Fjordhestsenter har ei av dei største hestelinjene i landet, og har per i dag over 20 elevar.
– Men dette er jo berre ein liten del av den jobben som vert lagt ned ved senteret. Vi er kanskje den viktigaste leverandøren av den viktige kulturarven som arbeidet med fjordingen er. Dessutan er vi svært viktige med tanke på å gjennomføre aktivitetar retta både både funksjonsfriske og -hemma, og ikkje minst overfor barn, seier Siri Endal og Anna Stegane, som begge står bak søknaden om støtte til det viktige rehabliteringsarbeidet som så smått har begynt.
Etterlengta oppussing
– Norsk Fjordhestsenter vart bygd så langt tilbake som i 1984, og dei fleste ser at det er trong for oppussing. Vi har starta med taket, men med desse pengane så kan vi gå i gang med fleire av dei heilt naudsynte oppgåvane vi har føre oss. Så ingen tvil om at dette vert ein skikkeleg festdag. Denne sjekken skal opp på veggen inne på senteret, og eg vil på vegner av alle som er tilslutta her takke audmjukt for gåva, seier Siri Endal.
Dei to viktigaste tiltaka som det no vert gjeve gåve til frå stiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane er til nytt garderobe- og klubblokale, samt oppussing av ridehallen. Noko av arbeidet er allereie påbegynt, og spesielt har det vore viktig å få vatningsanlegg i ridehallen for å halde støvmengda nede, ikkje minst av omsyn til både astmatikarar og andre som har puste/lungeutfordringar.
Gåve også til Eid køyre og rideklubb
Eigarstiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane forvaltar overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane, og gåva til Norsk Fjordhestsenter på Eid er ei av dei største gåvene ved haustens tildelingar. I tillegg til gåva til fjordhestsenteret vart det gjeve ei gåve på 100 000 kroner til Eid køyre og rideklubb. Desse pengane skal gå til å heve kvaliteten på området med tanke på å få høve til å arrangere sprangstemne i framtida. Det var Miriam Hoddevik frå køyre og rideklubben som mottok desse pengane.
– Dette er heilt fantastisk. Vi har eit stort behov for å skaffe oss hinder og matter, slik at vi kan vere meir synlege med tanke på ridesporten. På denne måten kan vi bli langt meir attraktive hos dei komande elevane ved hestelinja. Så tusen takk, sa Miriam Hoddevik då ho mottok sjekken på 100 000 kroner til Eid Køyre og Rideklubb.

Siste frå meirennbank.no

No blir det betre tursti på Atløy
Fjelltrimgruppa i Atløy IL får 70 000 kroner i gåve til å lage tursti ved Tvibergsundet. No står dugnadsgjengen klare å sette i gang arbeidet i løpet av våren.
No blir det betre tursti på Atløy7. desember 2023
Økonomiske spådommar for 20247. desember 2023
Startar kursserie for unge kunstkritikarar7. desember 2023
Milliongåve til Villakssenteret i Lærdal5. desember 2023