GÅVE PÅ SCENA: Amanda Kvammen vart overraska med 50 000 kroner då ho sang under 17.mai-feiringa i Førdehuset.
Publisert 23. mai 2023

Dobbel feiring for Amanda på 17. mai: – Eg er veldig glad og stolt!

Under folkefesten i Førdehuset på 17. mai imponerte 15 år gamle Amanda Kvammen stort på scena. Så vart ho overraska med ein sjekk på 50 000 kroner.
– Då eg blei ropt opp blei eg overvelda fordi eg hadde aldri tenkt at eg skulle få det stipendet. Eg er veldig glad og stolt, seier Amanda Kvammen.
Å vere glad og stolt har det unge musikktalentet all grunn til. Ho er nemleg den eine av to talentfulle ungdommar innan kultur og idrett som får Furorestipendet på 50 000 kroner i vår. Furorestipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Til hausten skal det delast ut endå fleire stipend, og søknadsfristen er 15. juni. Søk her!


– Stor anerkjenning

Amanda var i år ei av dei som opptredde på folkefesten i Førdehuset på 17. mai. Blant dei som møtte opp for å høyre hennar nydelege stemme var Lars Solnørdal, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på privatmarknaden i Sunnfjord. Med seg hadde han sjekken på 50 000 kroner til Amanda.
– Å få dette stipendet er ei stor anerkjenning for meg. Eg har lagt ned mykje tid, energi og innsats i musikken, og det er veldig kjekt å bli satt pris på, seier Furore-vinnaren.
15-åringen si interesse for musikk starta då ho i 2. klasse starte på kulturskulen.
– Eg har alltid synast det er kjekt å opptre. Målet mitt no er å bli profesjonell musikar, og eg vil fokusere mest på klassisk sang og opera, fortel ho.
DOBBEL HURRA: – Det er både kjekt og fortent at Amanda får Furorestipendet, seier banksjef Lars Solnørdal.


Til Bergen

No i vår går Amanda ut av ungdomsskulen og til sommaren går ferda vidare sørover til Bergen. Der skal ho starte på musikklinja på Bergen Private Gymnas.
– Då har eg også lyst til å vere med på kor, band og konsertar. Eg vil også utvikle meg vidare på piano og gitar, som eg har kome godt i gang med. I tillegg har eg også søkt på Griegakademiet sitt talentprogram for unge musikarar, så eg håpar eg kjem inn der, seier Amanda.
– Når eg blir eldre har eg også lyst å studere på Griegakademiet. Framtidsplanane mine er rett og slett å vere med på så mange konsertar og framsyningar som det går an!


– Eit fortent stipend

Lars Solnørdal, som fekk æra av å dele ut stipendet på nasjonaldagen, er veldig imponert over den ferske Furore-vinnaren.
– Med si fantastiske stemme tok Amanda idrettshallen i Førdehuset verkeleg med storm. Ho er utan tvil eit stort musikktalent, og det er både kjekt og fortent at ho får med seg Furorestipendet på vegen. Vi ønsker Amanda masse lukke til i framtida og vi gler oss til å følge karrieren hennar, seier banksjefen.
– Eg vil gjerne takke for denne utruleg fine gåva, som eg kjem til å bruke i mi framtidige karriere. Furorestipendet er ein fantastisk måte å motivere unge folk til å halde fram med å utvikle seg, sånn som eg skal gjere! Eg vil også takke kulturskulen og spesielt lærarane mine Christine Marøy, Harald Løkeland og Asbjørn Flåm. Utan dei hadde eg aldri lagt inn så mykje innsats i musikk, fordi dei oppdaga eit potensial i meg, seier Amanda.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Fakta om Furorestipendet:

Furorestipendet er eit personleg stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei siste åra har det blitt delt ut åtte stipend kvart år, som alle har ein verdi på 50 000 kroner.
Fristen for å søke om Furorestipendet er 15. juni.
Meir om stipendet her

Siste frå meirennbank.no

Krisesenteret får ein halv million i gåve

– Dette er eit svært viktig tilbod for alle barna som kjem innom her, seier Anja Korneliussen.

Les heile saka
Krisesenteret får ein halv million i gåve27. mars 2024
– Her vart eg skikkeleg rundlurt!27. mars 2024
– Vi er alltid i beredskap25. mars 2024
Økonomivettreglar22. mars 2024