
FEKK GÅVE: – Dette er eit viktig bidrag i å få realisert friluftsboksane rundt om i kommunen, seier Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad. Her saman med Ørjan Skåden, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på bedriftsmarknaden i Nordfjord.
Publisert 27. juli 2023Håpar Gloppen-ideen skal spreie seg til heile Sogn og Fjordane
Gloppen er ein friluftskommune, men mangelen på toalett er ei utfordring. Det skal det gjerast noko med.
«Friluftsboksar» kallar dei det. Og slike har Gloppen kommune kjøpt inn ni stykker av. Desse skal plasserast rundt om i heile kommunen, og i løpet av 2024 skal alle vere klare til bruk.
Boksane på dei ulike plassane skal tilpassast, men dei kan innehalde toalett, dusj, vaskemaskin, garderobe, sykkel- og hundevaskstasjon, sykkelpumpe, verktøy og ladepunkt for mobil.
Til dette prosjektet har Gloppen kommune fått ei gåve på 450 000 kroner. Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Kjekt at Gloppen kommune tek ansvar
Gloppen kommune satsar på naturbaserte aktivitetar, friluftsliv og stisykling, og i dei seinare åra har privat næringsliv, lag og organisasjonar etablert mange flotte anlegg for nettopp dette.
– I Gloppen er det verkeleg mykje å finne på utandørs, og rundt om i heile kommunen er det mange som gjer ein stor innsats. Prosjektet med friluftsboksane er viktig for å vidareutvikle desse tilboda, der ein løyser ein av dei store utfordringane i bygdene våre. Og det er kjekt at Gloppen kommune tek ansvar og prøver å løyse dette, seier Ørjan Skåden, banksjef på bedriftsmarknaden i Nordfjord.
– Eg håpar at friluftsboksane kan vere eit pilotprosjekt som kan gjennomførast i alle kommunar i Sogn og Fjordane, legg banksjefen til.
Her skal boksane plasserast
Skåden fekk æra av å overrekke sjekken til Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad. Prosjekt «Friluftsboks» er initiert og vert leia av Gloppen kommune, men er i samarbeid med mange andre aktørar, både offentlege og private.
– Denne gåva frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er veldig gledeleg og eit viktig bidrag i å få realisert friluftsboksane rundt om i kommunen. Det er også veldig gledeleg at stiftinga ser utviklingspotensialet i desse boksane, og det betyr at ein her i Gloppen er på veldig rett spor, seier Gloppestad.
Dei ni friluftsboksane skal plassert her: Badebrygga på Reed, badebrygga på Rygg, ballbingen og Nordfjord Stisenter på Vereide, Columbusparken i Hyen, Ysteriparken i Kandalen, Selvågane Fjordpark og Sandane sentrum (tre stk).

Siste frå meirennbank.no

No er Vidsyn fullfinansiert
Takka vere eit sterkt samarbeid mellom to lokalbankar kan endeleg utsiktspunktet Vidsyn i Førde realiserast.
No er Vidsyn fullfinansiert22. september 2023
Motivasjonsforedrag med Olaf Tufte20. september 2023
Inspirasjonskveld med Dagfinn Enerly4. september 2023
No kan du trene med Funkygine29. august 2023