
Tore Reksten (SSF), Kim Solheim i Florø Fotball og Steinar Hopen (SSF) er glade for at sponsorsamarbeidet blir vidareført i tre nye år.
Publisert 16. november 2023Fornyar mangeårig sponsorsamarbeid med Florø Fotball
Sparebanken Sogn og Fjordane vidarefører samarbeidet med Florø Fotball i tre nye år. Ein del av midlane vil bli brukt til å styrke fire viktige satsingsområde for klubben innan inkludering og rekruttering.
– Vi ser på Florø Fotball som ein hjørnesteinsaktør i lokalsamfunnet, og vi er stolte over å støtte deira ambisiøse mål. Dette er eit mangeårig samarbeid, og vi gler oss til fleire. Avtalen understrekar at vi ønsker å vere ein aktiv bidragsytar for idretten og samfunnet vårt, seier Tore Reksten i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Viktig støtte frå Sparebanken Sogn og Fjordane
Måla til Florø Fotball er i tråd med banken sin visjon om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane og verdiar som er trygge, ekte, nære og engasjerte.
– Dette samarbeidet gir oss ikkje berre økonomisk støtte, men også eit verdifullt samarbeid som vil hjelpe oss med å realisere måla våre. Vi ser fram til å samarbeide tett med Sparebanken Sogn og Fjordane for halde fram å bygge eit sterkt og inkluderande fotballmiljø i Florø, seier dagleg leiar i Florø Fotball, Kim Solheim.
Florø Fotball er i dag den fjerde største klubben i Sogn og Fjordane Fotballkrets, med om lag 300 aktive spelarar. Klubben har opplevd betydeleg vekst dei siste åra, spesielt innan rekruttering av spelarar og engasjerte trenarar for barn- og ungdomslaga. Lokal entusiasme og eit stort potensial for vidareutvikling gjer FSKF til ein sterk lokal merkevare. Florø Fotball har ein tydelege visjon om å vere ei inkluderande kraft i lokalsamfunnet.
Fleire sterke satsingsområde
I avtalen ligg det fleire viktige satsingsområde for klubben. Florø Fotball skal framleis satse på damelaget, og har som mål å etablere eit konkurransedyktig seniorlag innan 2025. I tillegg skal dei sette i gang med spesifikke rekrutteringstiltak til dømes jentefotballdagar, skulebesøk og kompetanseutvikling for trenarar. Målet er å auke engasjementet og deltakinga blant jenter i alle aldrar.
Andre viktige satsingsområde handlar om inkludering og å hindre fråfall blant barn og unge, men også i dei eldre ungdoms- og seniorklassane. Ved å opprette Florø 3 som ein arena for ungdom og unge vaksne, har klubben allereie opplevd suksess med å halde spelarar engasjerte utan prestasjonspress. Støttetiltak som reduserte treningsavgifter og eige draktsett har bidratt til å skape ein inkluderande og pressfri fotballgruppe.
Gjennom ulike ordningar vil klubben støtte dei med økonomiske utfordringar og ønsker å redusere ulikheter mellom barn og unge ved å sikre at alle, uavhengig av etnisitet, økonomi eller sosial status, får muligheten til å delta i fysisk aktivitet.

Siste frå meirennbank.no

No blir det betre tursti på Atløy
Fjelltrimgruppa i Atløy IL får 70 000 kroner i gåve til å lage tursti ved Tvibergsundet. No står dugnadsgjengen klare å sette i gang arbeidet i løpet av våren.
No blir det betre tursti på Atløy7. desember 2023
Økonomiske spådommar for 20247. desember 2023
Startar kursserie for unge kunstkritikarar7. desember 2023
Milliongåve til Villakssenteret i Lærdal5. desember 2023