EIT STEG NÆRARE: Eikefjord Grendalag er 300 000 kroner nærare ny samlingsplass i bygda etter å ha fått gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Her med Ole Aukland, banksjef i regionen (t.v) og Inger Merethe Høydal (t.v).
Publisert 16. november 2022

Eit steg nærare ny samlingsplass i Eikefjord

Eikefjord Grendalag har lenge hatt ønske om å få til ein ny samlingsplass på Salmontunet i sentrum. No er dei 300 000 kroner nærare å nå målet.
–Denne gåva betyr veldig mykje for oss. Ikkje minst at Sparebanken Sogn og Fjordane har trua på prosjektet. Det gir oss meir drivkraft til å køyre prosjektet vidare, seier styreleiar i grendalaget, Silje Fraas Øren.
Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå bankoverskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

–Ein møteplass

Ideen om å bygge ny samlingsplass på Salmontunet, vart framstilt for innbyggarane i fjor. Då fekk dei kome med innspel om kva dei ønsker staden skal innehalde.
Badestranda i bygda er veldig populær, men ein manglar ein plass å setje seg ned og ein plass ein kan arrangere aktivitetar, forklarar Øren.
–Dette skal bli ein plass for bygda, men òg for tilreisande. Med beliggenheit midt i sentrum, vil det bli ei perle av ein plass. Vi håpar at han vil vere populær heile året, for alle mellom 0 og 100 år.
Målet er å få på plass ei overbygd scene, ein gapahuk, ei tribune og leikeapparat. I tillegg til sitjeplassar der ein kan samlast.

–Vi har trua

Med på overrekkinga var Ole Aukland, banksjef for privatmarknad i regionen.
Han er mektig imponert over dugnadsanden i bygda og grendalaget.
– Dette vert eit fyrtårnprosjekt for Eikefjord, og det er imponerande å sjå kva ein kan få til når ein jobbar saman. Så då håper eg vårt bidrag på 300.000 kroner i denne omgang, kjem godt med. Vi har trua på dykk, og det kan vere meir midlar å hente frå oss, seinare i arbeidet, seier Aukland etter at gåvesjekken er overlevert, seier han.

Siste frå meirennbank.no

Vil rekruttere fleire som Kristin

Totalt 1,65 millionar vart delt ut på frukostmøte i Sogndal fredag. Mellom anna får Leikanger skyttarlag 400 000 kroner.

Les heile saka
Vil rekruttere fleire som Kristin25. november 2022
– Målet vårt er at besøkande skal bli tryggare i naturen24. november 2022
Styrker idretten med 850 000 kroner16. november 2022
Første steg for Rutlinslid-løft 16. november 2022