EIN AV 20: M/S Atløy er ein av 20 ulike gåvemottakarar i kommunane Kinn, Bremanger og Selje. Frå venstre: Håkon Seim og Sander Ødelien i Atløys Venner. Til høgre står banksjef Ole Aukland. I styrehuset er Rolf Grønnevik.
Publisert 6. juni 2023

Sjå alle som har fått gåve i Kinn, Bremanger og Selje

Tursti i Selje, instrument til musikklag, sikringshytte på Gjegnabu og nytt lydanlegg til kinoen i Bremanger. Dette er fire av dei mange gåvene som er delt ut i Kinn, Bremanger og Selje i vår.
Sjå oversikt over alle gåvene heilt nedst i artikkelen (på mobil) eller til høgre (på PC).
I mai har det vore gåvedryss i desse kommunane, og over 20 lag og organisasjonar i Kinn, Bremanger og Selje får i desse dagar pengar inn på kontoen sin. Gåvene er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Eg må verkeleg seie at eg er kjempeimponert over alle dei gode prosjekta og all innsatsen som vert lagt ned her. Eg har fått gleda av å besøke nokre av desse no i mai, og det har vore fantastisk kjekt, seier Ole Aukland, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på privatmarknaden i regionen.


Båt og tursti

Vårens første overrekking gjekk til veteranbåten M/S Atløy som fekk 250 000 kroner. Desse pengane skal vere med å finansiere nytt og moderne navigasjonsutstyr.
– Det er kjærkomne pengar for hobbylaget vårt. Vi legg ned kring 15 000 dugnadstimar i året, men om bord i ein veteranbåt er det ikkje alt som kan gjerast med gratis arbeidsinnsats. Materiell og utstyr kostar. Og denne gongen var det eit svært viktig rekrutteringsprosjekt vi trong midlar til, sa Sander Ødelien i «Atløys Venner» til Firdaposten då gåva vart delt ut.
Fleire av gåvene i år går til ulike turstiar, mellom anna i Selje. Der held dei på med eit stort sherpatrapp-prosjekt til Tarvaldseggja, og til dette har dei fått 100 000 kroner.
– Denne typen anlegg er utfordrande økonomisk, men vi er heldige som har mange gode støttespelarar rundt oss. Det gir oss inspirasjon til å halde fram med prosjektet, sa Atle Solheim i Selje IL til Fjordenes Tidende om gåva.


– Stor glede å bidra

Totalt vart over to millionar kroner delt ut til 20 lag og organisasjonar i dei nemnde kommunane. I tillegg vart det også siste veke delt ut ei gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til Studiesenter Kysten. Denne gåva på 2,5 millionar vart delt ut av administrerande direktør Trond Teigene og direktør bedriftsmarknad Roy Stian Farsund på Aksello sitt frukostmøte i Florø. Denne gåva kan du lese om her.
– Eg vil gjerne gi ros til alle som gjer ein formidabel innsats for lokalsamfunna våre. Når det er så mange gode prosjekt som det er, så er det ei stor glede for oss å bidra med gåver. Tusen takk og gratulerer til alle gåvemottakarar, seier Ole Aukland.
Firdaposten og Fjordenes Tidende har skrive fleire flotter saker om gåveutdelingane. Lenker til dei under (må ha abonnement):

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Desse fekk gåve i kommunane Kinn, Bremanger og Selje:

ÅLFOTEN IDRETTSLAG: 50 000 kroner til treningssenter
ELVISFESTIVALEN I MÅLØY: 50 000 kroner til inkluderingstiltak på festivalen
SØRSTRAND FOLKEPARK: 200 000 kroner til overbygg ved stranda
VÅGE OPPEDAL BYGDELAG: 100 000 kroner til leikeplass
DALEN GRENDALAG: 100 000 kroner til sanitæranlegg
KINNASPELET: 100 000 kroner til lavvoar til publikum på Kinnaspelet
ÅLFOTEN HORNMUSIKK: 50 000 kroner til instrument
DAVIK MUSIKKLAG: 50 000 kroner til instrument
BYGDELAGET HAVGLIMT: 100 000 kroner til leikeplass
FLORØ SEILFORENING: 50 000 kroner til segljolle (konkurransebåt)
VETERANBÅTLAG ATLØY: 250 000 kroner til elektronisk navigasjonsutstyr
FLORA TURLAG: 300 000 kroner til sikringshytte på Gjegnabu
BREMANGER SKULEMUSIKK: 50 000 kroner til instrument
VÅGE OPPEDAL BYGDELAG: 100 000 kroner til restaurere kjerreveg, tursti
OPPLEV BREMANGER: 60 000 kroner til Rockweekend
MUSIKKLUBBEN MÅLØY: 100 000 kroner til PA-anlegg (lydanlegg)
MÅLØY VEKST AS: 50 000 kroner til Ungt Nettverk Måløy
BREMANGER KINO AS: 50 000 kroner til nytt lydanlegg
FLORØ SKYTTERLAG: 100 000 kroner tilnye elektroniske skiver
SELJE IDRETTSLAG: 100 000 kroner til prosjekt Seljetrappene

Siste frå meirennbank.no

Slik tar du vårsjekken på økonomien

Våren er tid for opprydding! Med desse tipsa kan du få unna vårreingjeringa også når det gjeld privatøkonomien din, og sikre deg ein solid start på resten av året.

Les heile saka
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024