KLAR TIL NESTE SESONG: Når vinteren 2023/2024 set inn vert det med ny snøscooter på Ullsheim. – Tusen takk for gåva, seier Klemet Bø (t.h.) i Markane IL, som her får gåve av Mats Solheim i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Publisert 8. juni 2023

– Denne gåva vil vere til stor hjelp for drifta vår

I «alle» år har Markane IL vore heldige og fått låne snøscooter av private når dei har trengt det. No får dei sin heilt eigen til bruk på Ullsheim.
– For eit idrettslag som har mykje av aktivitet om vinteren på Ullsheim skianlegg, så vil ein snøscooter vere til stor hjelp for drifta vår. Vi har vore så heldige og nytta ein privat snøscooter ved behov, men vi kan ikkje basere oss på dette, seier Klemet Bø i Markane IL.
Framover treng dei heller ikkje basere seg på å låne, for til kommande sesong kan dei ta i bruk sin heilt eigen. Til dette har dei fått ei gåve på 100 000 kroner. Desse pengane er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Ein snøscooter med hengarkjelke er viktig når vi skal rigge arenaen vår til aktivitet. Ikkje minst gjeld dette ved arrangement der vi skal køyre sperremateriell, løypemerking og andre ting rundt i terrenget. Så, tusen takk for gåva, seier Bø.


Både breidde og topp

Markane IL har om lag 300 medlemmer, og dei største gruppene er langrenn og orientering. I tillegg til skiskyting sjølvsagt, som det er vanskeleg å komme utanom når ein snakkar om Markane IL.
– Mottoet til laget er «Markane Idrettslag – frå breidde til topp». Og dette slagordet gjenspeglar seg godt no når vi har tre utøvarar på landslag i skiskyting, seier Bø.
Desse tre er Maren Hjelmeset Kirkeeide, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. Dei to sistnemnde er søner av Klemet Bø.
Ein anna som er godt kjent med både breidde- og toppidrett er tidlegare fotballspelar Mats Solheim. No jobbar han som kunderådgjevar hos Sparebanken Sogn og Fjordane i Stryn, og saman med banksjef Odd Kjetil Tonning var han nyleg på Ullsheim og overrekte sjekken på 100 000 kroner til Markane.
– Det er ingen tvil om at Markane gjer ein fantastisk innsats med å legge til rette for både breidde og topp. At dei no får sin eigen snøscooter er veldig fortent, men også viktig for dei. Denne kjem til å bli eit godt hjelpemiddel i det gode arbeidet dei gjer, både i daglege og ved arrangement, seier Solheim.


Fleire gåver

Våren er tid for gåveutdelingar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og det er også fleire som gjer ein kjempejobb for frivilligheita i Stryn kommune som den siste tida har fått besøk av banken med ein sjekk. I løpet av juni er det også fleire som vil få det glade bodskap.
I Stryn ligg Gjensyn systove, som har fokus på gjenbruk og integrering. Til dette har også dei fått 100 000 kroner i gåve. Denne gåva vart overrekt til Torstein Tvinnereim og Anndi Bergset av Ørjan Skåden (banksjef bedriftsmarknad) og Agathe Lunde Bergset (kunderådgjevar bedriftsmarknad).
På det førre styremøte til Olden Ungdomslag fekk dei besøk av Odd Kjetil Tonning frå banken. Han hadde med seg 30 000 kroner til dei, som skal gå til aktivitet og utstyr.
I Loen har karateklubben fått pengar. Mats Solheim har vore innom dei med 25 000 kroner, og desse pengane skal gå til utstyr og kompetansehevande tiltak for trenarane.
I tillegg har Stryn Turn & IL fått 50 000 kroner til utstyr for turngruppa og 100 000 til nye LED-lys i lysløypa ved Stryn Skisenter, medan Oppstryn IL har fått 30 000 kroner til ny robotgrasklyppar til grasbana si.
Under kan du sjå bilde frå nokre av utdelingane:
GJENBRUK OG INTEGRERING: 100 000 kroner til Gjensyn overrekte Ørjan Skåden (t.h.) til Torstein Tvinnereim og Anndi Bergset.

TIL AKTIVITET OG UTSTYR: Odd Kjetil Tonning besøkte Kjersti Haugland og dei andre i styret til Olden Ungdomslag.

GÅVE TIL TRENARAR: Sissel Johannessen i Loen Karateklubb mottok gåva frå Mats Solheim.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket

Jordbruksoppgjeret er like rundt hjørnet, og i år er det store forventningar til lønsforhandlingane. Bransjeansvarleg Ørjan Skåden gir deg eit innblikk i landbruksbransjen sine utfordringar og moglegheiter i 2024.

Les heile saka
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024