JULEGÅVE: Barneavdelinga i Førde, ved Katrine Tvinnereim og Sølvi M. Torset, fekk gåve som skal gi juleglede på avdelinga. Her saman med Trond Teigene (t.v.) og Roy Stian Farsund.
Publisert 1. desember 2022

Klart for jul på barneavdelinga

Det var gåvedryss då store delar av næringslivet i Sunnfjord var samla til frukostmøte i banken i Førde. Totalt 580 000 kroner vart delt ut til tre gode formål.
Torsdag morgon inviterte Sparebanken Sogn og Fjordane til frukostmøte for næringslivet i Sunnfjord.
Om lag 100 frammøtte i banken fekk på slutten av arrangementet sjå at tre verdige mottakarar fekk kvar si gåve.

Julegåve til barneavdelinga

Ei av desse var til Barneavdelinga ved sentralsjukehuset i Førde, som fekk 50 000 kroner i julegåve frå bedriftsmarknaden i banken. Desse pengane skal vere med og bidra til at barna og ungdommane som må vere på sjukehuset i jula, får det så bra som mogleg.
– Det er ei veldig stor glede å få pengar til å kjøpe inn ting til ungane som er hos oss. Det er veldig trasig for ungane å ligge på sjukehuset, spesielt i jula. Og då er det godt å kunne gi dei gåver og mat som gjer at dei iallfall får det litt betre, seier Katrine Tvinnereim, som er sjukepleiar på barneavdelinga.
(Artikkelen held fram under.)
TIL JULEKOS: Katrine Tvinnereim, Sølvi M. Torset og dei andre på barneavdelinga gjer ein kjempeviktig jobb.
Tvinnereim tok imot gåva saman med kollega Sølvi M. Torset.
– På julaftan har vi juletre med gåver under, det kjem nisse, vi har musikk og middag. Så prøvar vi å finne på aktivitetar med dei, som juleverkstad. Ein veldig givande jobb, seier Tvinnereim.
– Dessverre er det ikkje sjølvsagt at alle barn får vere friske og heime i jula. Og for å gi dei ei best mogleg jul så har vi lyst å gi denne julegåva til barneavdelinga, som gjer ein kjempeviktig og god jobb, seier Roy Stian Farsund, direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Torset og Tvinnereim fekk også med seg ei julekorg til vaktrommet, slik at dei som er på jobb også kan kose seg litt ekstra i adventstida.

Opplæring av bedrifter i berekraft

I tillegg til gåva til barneavdelinga, vart det delt ut to gåver til. Desse gåvene er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Den største av dei to er på 430 000 kroner og skal gå til Sunnfjord Utvikling sitt prosjekt som heiter «Praktisk berekraft i små bedrifter».
– Det går på å hjelpe mindre bedrifter med å lukkast med berekraftsarbeidet sitt, seier Bente Hauge, som er Sunnfjord Utvikling sin prosjektleiar.
– Denne gåva er heilt avgjerande for at vi skal tilby det kursopplegget vi har tenkt, og no kan vi tilby dette til ein rabattert pris. Då vert kanskje terskelen lågare for bedriftene til å setje i gang med det. No i første omgang har vi valt oss ut tenesteytande næringar, for der er det mange små bedrifter, seier Hauge.
Denne gåva vart overrekt av Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Dette er eit utruleg viktig prosjekt, og det at Sunnfjord Utvikling tek dette ansvaret er veldig bra. Ei veldig fortent gåve, seier han.
(Artikkelen held fram under.)
BEREKRAFT: – Denne gåva er heilt avgjerande for at vi skal tilby det kursopplegget vi har tenkt, seier Bente Hauge i Sunnfjord Utvikling.


Vil ha nasjonalt senter til Førde

Den andre gåva var på 100 000 kroner og gjekk også til Sunnfjord Utvikling. Desse pengane skal hjelpe til å posisjonere Sunnfjord og Førde i konkurransen om å få eit nasjonalt senter for yrkesfag til Førde.
– Vi meiner vi har ulike fordelar for å få det hit. Vi har både eit utviklingsmiljø, infrastrukturen som HVL sit på, ny vidaregåande skule og eit offensivt næringsliv. Vi er også vertskommune for fleire nasjonale satsingar, så vi har allereie erfaring med det, seier Hauge.
– Og lukkast vi med dette så er det noko som kjem alle til gode!
– Dette er også eit veldig viktig prosjekt, og som Bente er inne på så har Sunnfjord og Førde veldig gode forutsetningar til å få dette til. Vi heiar veldig og håpar verkeleg at dei lukkast, seier Trond Teigene.
TO GÅVER: Sunnfjord Utvikling fekk pengar til to gode prosjekt.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Krisesenteret får ein halv million i gåve

– Dette er eit svært viktig tilbod for alle barna som kjem innom her, seier Anja Korneliussen.

Les heile saka
Krisesenteret får ein halv million i gåve27. mars 2024
– Her vart eg skikkeleg rundlurt!27. mars 2024
– Vi er alltid i beredskap25. mars 2024
Økonomivettreglar22. mars 2024