TRE GODE FORMÅL: Under Barnas Verdsdag valde barna å gi gåve til alle tre mottakarane: Barne- og ungdomsavdelinga, Røde Kors Førde, og Julefeiring for Alle.
Publisert 15. desember 2022

Barnas julegåve til andre barn: – 90 000 kroner til tre gode formål

Barne- og ungdomsavdelinga på Førde Sentralsjukehus, Røde Kors matkasse og Julaftan for alle får alle 30 000 kroner i julegåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
For andre året på rad var Sparebanken Sogn og Fjordane med på å markere Barnas Verdsdag saman med Førdefestivalen, som banken er sponsor for.
I 2021 var første år med konseptet «Omvend Julegåve», der barna fekk ei kongle frå Kongleriket som var verd 60 kroner og måtte velje mellom tre formål å gi gåva til. 19. november vart suksessen gjenteke under årets markering av Barnas Verdsdag.
Ungane fekk velje mellom Julefeiring på barne- og ungdomsavdelinga ved Førde Sentralsjukehus, Julefeiring for alle i regi av Frivilligsentralen, Førde kyrkje og Sunnfjord kommune, eller Matkasse med julemat av Røde Kors Førde. Torsdag 15. desember var representantar frå dei ulike mottakarane innom banken i Førde for å ta imot julegåva dei får.

Nytt leikerom på sjukehuset

– Desse pengane skal komme til glede for ungane som er hos oss, seier Solveig Horstad Berget, avdelingssjef på barne- og ungdomsavdelinga på sjukehuset i Førde.
Ho tok i mot gåva saman med Jorunn Sollid, som er seksjonsleiar.
– Vi held på å bygge nytt sjukehus, og der kjem det også eit nytt leikerom. Vi har lyst å gå litt vekk i frå alle småleikane og heller få eit nytt leikerom som er inspirert av Deichmanske bibliotek i Oslo. Det vil seie at vi møblerer rommet med møblar ein bruke i leik, som ein klatre over og inni, og samtidig sitte på dei. Ei meir triveleg atmosfære, fortel Sollid.
– Det følger midlar med romma til å innreie, men vi ønsker å gjere noko ekstra for barna. Dette blir ein fristad for dei som er innlagt på sjukehuset over tid, seier Berget.
(Saka held fram under bildet.)

Deler ut mat og gåvekort

På vegner av Røde Kors var det Norvall Nøringset som fekk overrekt 30 000 kroner. Desse pengane skal gå til matkasser med julemat til familiar og einslege. Dei får tilvisingar frå offentlege organ, som NAV, rus- og psykiatriteneste og barnevernet til å nå dei som treng litt ekstra.
– Behovet har vore aukande år for år, og i løpet av dei siste to-tre åra har det dobla seg. Dessverre er det mange ungar i desse familiane som har behov for denne hjelpa. Då er det godt å bidra, og i desse matkassene ligg det også gåvekort til alle ungane slik at dei kan få kjøpt seg ei fin julegåve, seier Nøringset.
(Saka held fram under bildet.)
Barna tenkte seg godt om før dei valde kvar dei ville sende kongla si.

Inviterer for 15. gong

Det tredje gode formålet som også får 30 000 kroner, er Julaftan for alle. Det blir arrangert på kyrkjelydshuset i Førde klokka 17 på julekvelden.
– Dette er ei tradisjonell norsk julefeiring for alle som ønsker å vere i eit fellesskap. Her kan alle komme! Å få midlar til dette betyr veldig mykje, og det er med på å bidra til dei får ein skikkeleg god julemiddag og at ungane får gåver, seier Kari Valle hos Frivillighetssentralen.
Ho mottok gåva saman med Ellen Hugøy. I tillegg har dei med seg Ingvar Vagstad som er med og steller i stand, og dei samarbeider med kyrkja og mange frivillige.
– Vi har veldig mange frivillige som bidrar, og det set vi veldig stor pris på, seier Valle.

3000 barn og vaksne

Kring 3000 barn og vaksne var med på markeringa av Barnas Verdsdag i november, og fleire hundre barn deltok på Omvend Julegåve. Det førte til at banken i år delte ut 90 000 kroner fordelt på tre veldig gode formål.
Blant dei deltakande var marknadssjef i banken, Gunn Aase Moldestad og Lars Solnørdal, banksjef for privatmarknad i Førde.
– Dette er gåver frå barn til barn, og pengane går til tre særs viktige formål. Det var veldig kjekt å sjå kor seriøst ungane tok oppgåva, og kor stor givarglede dei hadde. Barnas Verdsdag handlar i stor grad om inkludering, noko vi i banken er svært opptekne av. Det er viktig for oss å vere med å støtte opp lokalsamfunna som vi er ein del av, seier Solnørdal.

Sunniva Knutsen

kommunikasjonsrådgjevar908 15 045sunniva.knutsen@ssf.no

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket

Jordbruksoppgjeret er like rundt hjørnet, og i år er det store forventningar til lønsforhandlingane. Bransjeansvarleg Ørjan Skåden gir deg eit innblikk i landbruksbransjen sine utfordringar og moglegheiter i 2024.

Les heile saka
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024