RUSTAR OPP TURSTIAR: Prosjektgruppa skal ruste opp fleire stiar til Lihesten, som tronar i bakgrunnen.
Publisert 12. mai 2023

950 000 kroner til to tursti-prosjekt langs Sognefjorden: – Fantastisk

To grupper eldsjeler har sett i gang prosjekt for å utbetre og bygge nye stiar til Søtekollen i Brekke og Lihesten i Hyllestad. Til det har dei fått kvar si gåve på 250 000 kroner og 700 000 kroner.
– Dette er heilt fantastisk. Eg trur ikkje eg vil få sove i natt, seier Jens Christian Lundeland og smiler breitt. ­
Han er prosjektleiar for utbetringa av stiane til Lihesten. Saman med Oddvar Hatlem og Mona Birkeland i Hyllestad Idrettslag, var han onsdag overraska med gåva på prestegarden i Hyllestad.
Banksjef Torunn Mattson og assisterande banksjef Julie Vårdal Heggøy frå Sparebanken Sogn og Fjordane hadde nemleg med seg både gåvesjekk med 700 000 kroner og ei kake med bilete av Lihesten på. Pengane er tildelt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, men kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Full utteljing

Lundeland fortel at prosjektgruppa var spente då dei søkte Sparebankstiftinga om 700 000 kroner, og at dei skulle få heile summen var ei overrasking. Då Mattson og Heggøy kom inn i rommet og bretta ut sjekken, spratt både han og Hatlem opp av stolane og jubla.
– At vi skulle få full utteljing hadde vi ikkje venta. Det er så flott! No kan vi setje i gang, seier Lundeland.
Lihesten er eit populært turmål både lokalt og nasjonalt. Og no skal prosjektgruppa ruste opp to stiar som til saman strekker seg over sju kilometer; stien frå Lekva via Lundelandstien og til indre Lifjellet, og stien frå Hovland via Lelandskårane til Risnesnipa.
Prosjektet vil føre til meir aktivitet i regionen, meiner Heggøy.
– Dette er ikkje berre eit prosjekt som omfattar Hyllestad, men eit prosjekt for heile regionen og fylket. Opprusting og merking av stiane opp og på fjellet kan skape spennande moglegheiter for reiseliv og anna næringsliv, som igjen gjev meir liv i bygdene våre, seier Heggøy.

Stirydding og fullfinansiering

Lundeland håpar at dei kjem i gang med skog- og stirydding allereie i haust, medan dei jobbar vidare med å fullfinansiere prosjektet. Ramma er på rett over 7 millionar kroner. Dei har søkt spelemidlar, som vil bli avklart i juni, og så vil dei nå ut til lokalt næringsliv og sambygdningar.
Håpet er ferdigstilling innan 2025 / 2026.

250 000 kroner til opprusting av sti til Søtekollen

På sørsida av Sognefjorden er endå eit stiprosjekt i arbeid, nemleg prosjektgruppa for sherpasti til Søtekollen i Gulen kommune.
På Brekkestranda Fjordhotell vart dei overraska med ei gåve på 250 000 kroner av Mattson og Heggøy onsdag ettermiddag til applaus og stor jubel.
– No kan vi gå i gang! Dette betyr alt, seier leiar for prosjektgruppa, Liv Brekken.
Ho var til stades saman med nestleiar Rune Virkesdal, Terje Oppedal frå Brekke Idrettslag og styremedlem i prosjektgruppa Margrethe Ellingsen Årskaug.

– Eit tilbod for alle

Søtekollen ligg 557 moh og er ein velkjend tur for både nær og fjern, og no vil gruppa legge til rette for at endå fleire kan nytte seg av han.
Stien kan vere bratt og vanskeleg for enkelte å kome seg fram på. Etter planen skal dei leige inn sherpaar til å utbetre stien med parti med turveg og trappar.
– Vi håpar at dette kan vere eit løft for heile bygda, som oppmuntrar til aktivitet og bruk av naturen, seier Virkesdal.

Dugnad

Prosjektgruppa har budsjettert med 1000 dugnadstimar, noko dei trur vil vere mogleg å få til.
I tillegg til gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, har gruppa søkt om spelemidlar som vil bli avklart i sommar. Deretter vil dei nå ut til lokalt næringsliv og sambygdingar om støtte òg.
– Det er stort engasjement kring prosjektet, og Brekke har ein lang tradisjon med turar i fjellet, så vi håpar at lokalmiljøet vil vere med å skape dette med oss, seier Virkesdal.
– Vil skape ringverknader
Mattson og Heggøy meiner satsingane er viktige for lokalmiljøa:
– Dette er to veldig kjekke prosjekt for oss å vere med på. For det første vil dette skape ringverknadar utover kommunegrensene for både turistar og fjellentusiastar. Så vil eg rose dei lokale drivkreftene bak prosjektet. Slike personar er avgjerande for å skape vekst og liv i kommunane våre, seier Mattson.

Sunniva Knutsen

kommunikasjonsrådgjevar908 15 045sunniva.knutsen@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Slik tar du vårsjekken på økonomien

Våren er tid for opprydding! Med desse tipsa kan du få unna vårreingjeringa også når det gjeld privatøkonomien din, og sikre deg ein solid start på resten av året.

Les heile saka
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024