Norsk nasjonalt ID-kort

Norske nasjonale ID-kort blei lansert 30. november 2020. Vi legg til rette for at du skal få legitimere deg med ditt norske ID-kort. Du kan òg legitimere deg som vanleg med passet ditt. Les meir om legitimering i banken her.
Norsk nasjonalt ID-kort kan brukast når du trenger å legitimere deg og er godkjent som legitimasjon for å få BankID. Dersom du ynskjer å legitimere deg med norsk nasjonalt ID-kort, må du møte på eit av bankkontora våre for å vise fram og få stadfesta legitimasjonen din.
Det er førebels berre norske statsborgarar som kan søke om ID-kort, og det er frivillig å søke om det. Det er berre politiet som kan skrive ut kortet. For å få ID-kort må du bestille time på politiet.no. Les meir om pass og ID-kort på politiet sine heimesider: https://www.politiet.no/tjenester/pass-og-id-kort/