Alle bankar er pålagt å ha gyldig legitimasjonsdokument på kundane sine. Dersom du skal bli kunde eller må legitimere deg på nytt, kan du gjere dette i BankID-appen.
Har du ikkje gyldig legitimasjon, eller ikkje høve til å bruke BankID-appen, kan du møte på eit av bankkontora våre for å få stadfesta legitimasjonen din.

Kva er godkjent legitimasjon?

I norske banker er det berre pass med RFID, norsk nasjonalt ID-kort, norsk utlendingspass med RFID og norsk reisebevis med RFID som er godkjent for å få BankID.
Sjå kva som er godkjent legitimasjon

Norsk nasjonalt ID-kort

Norsk nasjonalt ID-kort kan brukast når du skal legitimere deg, og er godkjent som legitimasjon for å få BankID. Dersom du ønsker å legitimere deg med norsk nasjonalt ID-kort, må du møte på eit av bankkontora våre for å vise fram og få stadfesta legitimasjonen din.
Det er førebels berre norske statsborgarar som kan søke om ID-kort, og det er berre politiet som kan skrive ut kortet. For å få ID-kort må du bestille time hos politiet.
Les meir om ID-kort hos politiet

Legitimasjonskrav for barn

Når mindreårige skal få bankprodukt må dei legitimerast. Vi aksepterer pass, nasjonalt identitetskort og fødselsattest som gyldig legitimasjon. Føresette med foreldreansvar må også legitimerast med pass eller nasjonalt identitetskort.
UNNTAK: Skal barnet ditt ha BankID, er det berre pass eller Norsk ID kort som er gyldig legitimasjon.
Kom innom eit av kontora våre med gyldig legitimasjon. Dersom det passar dårleg i opningstida vår, tek du kontakt med kunderådgjevaren din og avtalar eit tidspunkt som passar.

Legitimering med BankID frå annan bank

Er du over 18 år og har BankID frå annan bank? Då kan du registrere deg med BankID som legitimasjon i våre system.
  • Her vel du alternativet "Bli kunde- nettbank".
  • Logg deg inn med din BankID frå annan bank og følg dei neste stega i løypa.
  • Du vil bli bedt om å bekrefte kontaktopplysningar og formålet med kundeforholdet ditt i banken vår.

Legitimer deg med BankID-app

For dei fleste vil det raskaste vere å legitimere seg med BankID-app. Den kan du laste ned til mobilen frå enten App Store eller Google Play.
For å legitimere deg med appen treng du:
  • gyldig pass eller norsk ID-kort eller ID kort frå EU/EØS land
  • mobil med iOS 11/Android 7 eller nyare
Meir om BankID-app

Manglande legitimasjon og sperra kundeforhold

Kundeforhold kan bli sperra eller avslutta som følgje av manglande legitimasjon. Dersom du får kundeforholdet ditt sperra, kan det enkelt opnast igjen når du har legitimert deg. Dersom kundeforholdet ditt vert avslutta kan det opnast igjen mot eit gebyr, sjå prisliste. Ta kontakt med kundesenteret, så får du hjelp til å legitimere deg på ein effektiv måte.
Les meir om re-legitimering