No blir korta våre meir miljøvennlege

Sparebanken Sogn og Fjordane byter ut dagens bankkort med meir miljøvennlege kort. I løpet av våren 2022 kan dei første kundane ta det i bruk.
– Bankkortet vårt er det einaste fysiske produktet vi har, så det var heilt naturleg for oss å sjå på kva vi kan gjere for at dei skal bli meir berekraftige, seier Cecilie Hereid Øvrebotten, fagsjef kort og sikkerheit i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Laga av bioplast

I dei nye korta blir det brukt eit biologisk materiale som reduserer bruken av plast i bankkortet med 85 prosent, og dermed vil CO2-utsleppa knytt til produksjonen av korta bli redusert.
Produksjonen av bioplast er fossilfri.
– Korta er bestilt, og dei skal testast før vi rullar dei ut til kundane. Viss alt er i rute vil dei første kundane få den nye typen kort våren 2022, seier Øvrebotten.

Bidrar til redusert utslepp

Kundane vil få dei nye korta etter kvart som korta dei har i dag går ut. Sidan utløpsdatoen på kort er tre år fram i tid frå dei får dei, vil det seie at i løpet av 2025 er alle dagens kort byta ut med det nye.
– Som bank har vi mange grøne produkt når det kjem til lån og sparing, og det er utruleg kjekt at vi no også kan tilby kundane våre eit meir miljøvennleg kort. På denne måten er vi med og bidrar til mindre utslepp, og det er veldig bra, seier Ingri Martine Fonn Macsik, som er berekraftansvarleg i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Les meir om korta våre