Kontora er opna, men du kan fortsatt møte oss på video!

Vi i banken ønsker å vere til stades for deg som kunde, og det skal vi sjølvsagt halde fram med.
Den siste tida har vist oss at det går veldig bra å møte for dykk å møte oss via telefon og video. Dette kjem vi til å tilby dykk vidare i større grad!
Våre fysiske kontor er opne, men opningstider/ope etter avtale kan vere litt ulikt grunna korona. Du kan finne gjeldande opningstider ved ditt nærmaste kontor her. Vi har stort fokus på å ha gode rutinar på smittevern, og set pris på om du heller vil ringe oss eller ta møtet på video dersom du ikkje er heilt i form.

Har du bustadlån hos oss?

Vi ser at koronaviruset rammar langt fleire enn berre dei som blir smitta, og permitteringar og oppseiingar kan komme som ein konsekvens av dette. Vi tilbyr derfor avdragsfriheit på lånet ditt.
Dei fleste i Norge i dag har gjeld knytt til bustaden sin. Om ein skulle hamne i ein situasjon der ein står utan inntekt for ein periode, kan bustadlånet bli vanskelegare å betene enn tidlegare. Vi ønsker å hjelpe dei av bustadlånkundane våre dette gjeld. Ta kontakt med rådgjevar eller søk direkte om avdragsfriheit!

Ny rentenedgang i mai

Ny beste rettleiande rente for kundar som skal kjøpe sin første bustad og grønt bustadlån er 1,69 % nominell rente. Totalt er rentene justerte ned med inntil 1,26 prosentpoeng i år.
Alle kundar som får renteendring har fått melding i den gamle nettbanken eller brev i posten. For eksisterande kundar vil den nye lånerenta vere gjeldande frå 26. mai 2020, så du kan sjå kva din nye rentesats er i nett og mobilbanken. Last ned appen vår eller logg inn oppe i høgre hjørnet for å sjekke.
Last ned mobilbanken vår her:

Korona og reiseforsikring

Vårt forsikringsselskap Frende har laga ei side som blir oppdatert etter kvart som regjeringa og UDI kjem med nye retningslinjer. Hald deg oppdatert dersom du ikkje får reist på planlagt ferie i sommar.

Les fleire artiklar på meirennbank.no

Tid for økonomisk opprydding

Med avlyste fritidsaktivitetar og avgrensa sosial kontakt, er dette ein moglegheit til å ta tak i det ein har utsett litt for lenge. Det er tid for økonomisk opprydding!

Korleis påverkar koronaviruset kvardagen din?

Koronasituasjonen påverkar oss alle, og heile samfunnet vårt har no vore stengt ned ei veke for å redusere smitten av viruset. Permitteringar og oppseiingar har begynt å kome som ein konsekvens av dette, og vi forstår at mange har det krevjande.

Reduser smitterisiko med kontaktlaus betaling

Vi har lansert Apple Pay og Google Pay, som er ein av mange smarte måtar du betalar kontaktlaust.

Dette bør du gjere med fondssparinga di i urolige tider

Lisbeth Aasen Andersen er kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og ho gir deg gode tips til kva du no bør gjere med fondssparinga di.