Toril Haugen

forsikringsrådgjevar privat

Toril er frå Måløy og har utdanning i økonomi og administrasjon, i tillegg til etterutdanning innan coaching og relasjonsleiing. Ho begynte hos oss i 2007, men har jobba med forsikring til privatkundar i over 30 år.
Toril synest det er spennande at alle kundar er ulike og derfor har ulike forsikringsbehov. Det ho likar aller best med jobben er å ta den gode behovsgjennomgangen med kunden for å skreddarsy ei god løysing tilpassa kvar enkelt kunde. Ho er opptatt av å skape ein god relasjon til kundane sine, gje raske tilbakemeldingar og å følge opp i samsvar med kunden si forventning.