Solveig Skauge Holsen

kunderådgjevar privat
Solveig er oppvaksen og bur i Norhordland. Ho har 13 års erfaring frå bank og har vore autorisert rådgjevar sidan 2010. Solveig starta i Sparebanken Sogn og Fjordane i 2021 og arbeidar på kontoret vårt i Sløvåg.
Solveig trivast godt i banken og set pris på å jobbe med menneske. Ho finn gode løysningar innanfor lån, sparing og forsikring. Sjølv om Solveig jobbar mest med privatkundar, har ho også kunnskap innan landbruk og enkeltmannsføretak. Solveig er positiv og løysingsorientert og likar samspelet med kunden aller best.