Sissel Wik

kunderådgjevar privat

Sissel er frå Måløy og har kome tilbake til oss etter to år i annan jobb. Ho begynte i banken i 2005 og i dag jobbar ho som autorisert finansiell rådgjevar ved kontoret vårt i Måløy. Ho har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon, samt ein mastergrad innan leiing frå BI.
Ho synast at noko av det beste med jobben som rådgjevar er å møte nye og eksisterande kundar og skape gode langvarige relasjonar. Det å skape tillit og vere tilgjengeleg for kundane er noko Sissel set veldig høgt.