Silje Nistad Alræk

kunderådgjevar privat
Silje er frå Florø, og jobbar i dag som autorisert rådgjevar ved kontoret vårt i kystbyen. Ho har bachelor i marknadsføring frå BI, og har jobba i bank sidan 2011.
For Silje er det viktig å vere tilgjengeleg for kundane sine, og at dei får raske og tydelege svar. Ho likar å jobbe med alle typar kundecase, men synest det er ekstra kjekt når ho får hjelpe førstegangskjøparar inn på bustadmarknaden.