Marlene Solheim Berg

Kunderådgjevar privat
Marlene er oppvaksen i Florø i Kinn, men bur i Førde i Sunnfjord. Ho starta som kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane i juni 2022, og har nokre år erfaring frå både Nordea og Nordea Direct før dette.
Jobben som kunderådgjevar er spennande og givande, og det aller kjekkaste er at kvar individuelle kunde har ulike behov. Ho vil at kundane skal vere fornøgde og synast det er viktig å vere effektiv, positiv og tilgjengeleg. Marlene synast det er kjekt å kunne hjelpe kundar i alle livets fasar, og motiverast av å finne gode løysningar for kundar, samstundes at ein ser dei individuelle situasjonane og gir god oppfølging. Ho vil at kundane skal kjenne seg sett, høyrt og trygg - og presiserer kor viktig det er at kundane alltid opplever banken som nær og lett tilgjengeleg sjølv til tross for eventuelle geografiske avstandar.