Kristin Heggen

forsikringsrådgjevar privat

Kristin er frå Nordfjordeid og begynte med forsikring i 1996. Ho har ei allsidig utdanning, mellom anna innan handel og kontor, teikning, reklame og marknadsføring. Før ho begynte med forsikring har ho jobba som kontorassistent, lønsansvarleg og personalkonsulent innan skipsindustrien.
Kristin synest det kan vere utfordrande å tilby produkt som kundane håpar dei aldri får bruk for. Ho er derfor opptatt av at kundane skal vite kva dei får, og forstå kor viktig forsikring er. Kristin trivast best når ho gir kundane ei god oppleving, og dei saman kjem fram til produkt og løysingar som er dei beste for kvar enkelt kunde.