Jan Arne Aasen

leiar kapitalmarknad

Jan Arne er frå Førde og har utdanning innan økonomi og leiing frå BI og NFF renteanalytikarkurs. Han begynte på bedriftsmarknad hos oss i 1998 og vart i 2003 leiar på kapitalmarknad. Med snart 20 års erfaring innan valuta og rente gjev han kundane gode produkt og tilpassa råd innan finansmarknaden.
Jan Arne jobbar tett på bedriftskundar som har aktivitet mot utlandet og behov elles innanfor rente og valuta. Særleg spennande synest han det er å levere tenester til nyetablerte selskap som har enda opp med å selge over heile verda. Han har som mål at eit kompetent og erfarent team på kapitalmarknad skal gje kundane tenester på nivå med dei største bankane i Norge.