Aslaug Valaker

kunderådgjevar privat

Aslaug kjem frå Utvik og jobbar på kontoret vårt i Stryn. Ho jobba først på kontoret vårt på Jølster frå 1989 til 2001, før ho kom tilbake til oss i 2008 som autorisert rådgjevar i Stryn. 
Aslaug likar å ha kundekontakt og følgje kundane sine gjennom heile livet. Ho har opparbeidd seg mykje kunnskap gjennom mange år, og beskriv seg sjølv som jordnær, roleg og trygg. Det trur ho bidreg til ein god dialog i kundemøta.